Færø-dobbel før barnevogntrillar

Postet av Eikanger Idrettslag den 24. Nov 2018

STARTEN: Kristoffer Apelthun Færø (nr. 79) tok teten ut frå start. Like bak kjem (77), Johannes Hopland (43), Magnus-Johan Færø (54) og Jo-Harald Færø (53).

Vinterkarusellen på Eikanger vart laurdag ein ny duell mellom Færø-brørne Jo-Harald og Magnus-Johan. Også denne gongen var Jo-Harald raskast, men berre nokre tidelar før Magnus-Johan.

VINNARDUO: Nesten likt over mål var Færø-brørne Jo-Harald og Magnus Johan (til venstre).

Tidene deira var 6.45 og 6.46, sekundet svakare enn i løpet for halvannan månad sidan. På tredjeplass kom ein barnevogntrillande Knut Magne Hauge på 7.13. Eit nytt sterkt barnevognløp av han, men tida var fem sekund etter det han sprang på i april i år – også då med barnevogn.

BARNEVOGNTRILLAR: Knut Magne Hauge imponerte på nytt med tredjeplass – med barnevogn.

Dei to femtenåringane Kristoffer Apelthun Færø og Kristoffer Hauge Haugland hadde ein kamp om fjerdeplassen. Begge sette flotte nye personlege bestenoteringar. Færø var raskast med 7.23, ei forbetring på 21 sekund. Kristoffer H. Hopland kutta nye 16 sekund av bestetida si og kom i mål på 7.26. I løpet for tre veker sidan forbetra han seg med 13 sekund. Kjempeframgang.

FLOTT FRAMGANG: Kristoffer Apelthun Færø (fremst) og  Kristoffer Hauge Haugland sette nye personlege bestenoteringar.

SOLID PERSONLEG REKORD: Eivind Langøy (fremst) sette også solid ny bestenotering med 7.48. Medan Espen Aakre fekk notert 7.52.

13-årige Eivind Langøy sette også solid ny bestenotering med 7.48. Han var 39 sekund raskare enn bestetida si frå hausten 2016.

RASKASTE KVINNE: Grethe Jørgensen var for 36. gong raskaste kvinne.

Grethe Jørgensen var for 36. gong raskaste kvinne i karusellen på Eikanger. Med tida 8.06 sette ho årsbeste for sesongen med tre skund. Dottera Amalie Kallestad var nest raskast med 8.57.

SPREK VETERAN: Magnus Elvik deltok laurdag 24. november for hundrede gong i karusellen. (Arkivfoto frå 30.1.2016.)

78-åringen Magnus Elvik passerte ein milepåle i karusellen då han stilte til start for hundrede gong. Terje Eidsnes har flest løp med 265 startar etter løpet laurdag.

VETERAN OG UNGGUT: Arvid Henningsen (nr. 20) sprang på 9.19 i andre løpet på rad. Gøran Sørli Verlo var sekundet raskare i mål etter ein frisk spurt.

Forholda laurdag 24. november var fine med berr og stort sett tør veg og vindstilt. Men litt kaldt var det med nokre minusgrader i lufta. Likevel var det ein del løparar som sprang inn på personlege rekordar og årsbeste.

I andre løpet på rad var det over 100 startande, i alt 104 denne gongen.

Neste løp på Eikanger vert juleløpet laurdag 15. desember, med premiering til best kledde nisseløpar.

SPURT MED FØLGJE: Marcus Helland Haukås spurta godt, og mange som deltok i klassen utan tidtaking prøvde å følgja han.

Vinterkarusell 2018-19, 2. løp.
Eikanger 24. november 2018
Arr.: Eikanger IL
Klårvêr, stilt, berr veg  ÷ 3-5° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Jo Harald Færø            6.45
2. Magnus Johan Færø            6.46
3. Knut Magne Hauge            7.13
4. Kristoffer Apelthun Færø            7.23
5. Kristoffer Hauge Haugland            7.26
6. Vebjørn Haugsdal            7.31
7. Finn Vabø            7.39
8. Eivind Langøy            7.48
9. Espen Aakre            7.52
10. Johannes Hopland            7.56
11. Tore Klanderud            7.57
12. Kristian Skrede            8.03
13. Grethe Jørgensen            8.06
14. Einar Skrede            8.13
15. Rolf  Vabø            8.31
16. Atle Austrheim            8.39
17. Eskil Sørli Verlo            8.52
18. Amalie Kallestad            8.57
19. Tobias Øvretveit            8.59
20. Gaute Sørli Verlo            9.18
21. Arve Henningsen            9.19
22. Marcus Helland Haukås            9.31
23. Terje Eidsnes            9.38
24. Aase Midtgaard Skrede            9.44
25. Jan Kårbø            9.47
26. Iver Dahl            9.58
27. Are Flekke            10.11
28. Sigurd Aakre            10.18
29. Harald Hansen            10.20
30. Sjur Øren Heggernes            10.21
31. Solveig Villanger Haugland            10.45
32. Kjell Namtveit            10.49
33. Håkon Rongved            11.29
34. Torben Namdal            11.35
35. Stein Tore Holsen Viken            11.38
36. Sverre Solberg            11.50
37. Astrid Nes Sjursen            12.21
38. Frode Sjursen            12.29
39. Kirsten Rongved            13.14
40. Heine Hauge            18.20

FLEST STARTAR: Terje Eidsnes har flest startar i vinterkarusellen, i alt 265 etter løpet laurdag.

Utan tid:
Margrethe Alme, Olav Alme, Mette Ansnes, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Jan Hallvard Edvardsen, Anders Eidsnes, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Gustav Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Aron David Hauge, Arvid Hauge, Camilla Hauge, Karl Ole Hauge, Stanley  Hauge, Sofie Haugland Hauge, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sanna Elise Haukås, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Fabian Håland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Øyvind Namdal, Olai Nepstad, Valborg Nes, Merethe Njøtøy, Anne Lise Nordpoll, Svein Nordpoll, Sigmund Nævdal, Madelén Børhaug Nævdal, Sissel Skårnes, Cato Sperrevik, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Grethe Titland, Adrian Hansen Toft, Laila Toft, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge  Toft, Anton Nikolai Vedå, Aksel Vedå, Tone Marit Vedå, Torbjørn Vedå, Elias Øvretveit, Janina Øvretveit, Johanne Øvretveit, Jonas Øvretveit

104 deltakarar.

Neste løp:

Laurdag 15. desember kl. 15.00.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Heimesiger for 15-årige Kristoffer Hopland

Postet av Eikanger Idrettslag den 3. Nov 2018

15-årige Kristoffer Hopland (biletet) tok laurdag første sigeren sin i vinterkarusellen på Eikanger. Han kutta 15 sekund av bestetida si frå førre sesong, og vann klart på 7.05.

Dermed vart det ein skikkeleg heimesiger, for ungguten som har hatt stor framgang i baneløp i sommar, bur nesten i karuselløypa rundt Eikangervågen.

Kristoffer vart ikkje direkte pressa i løpet – så med betre drahjelp ser han nok snart seks-talet. Nest best tid av alle hadde Bertine-Helene Færø som med 7.23 berre var seks sekund etter løyperekorden, og sekundet bak si eiga bestenotering. Eit sterkt løp under litt tunge forhold med ein del motvind utover langs vågen og til brua var passert.

STORFORM: Bertine-Helene Færø er i flott form for tida, frå løpssiger i Amsterdam nyleg kom ho til Eikanger og noterte nest beste tida si nokon gong.

Nest raskaste dame var Grethe Jørgensen som sprang på 8.09 i andre løpet på rad.

Harald Marthinussen med 7.28 hadde tredje beste tid, og sikra dobbeltsiger til Eikanger-bygda i herreklassen.

COMEBACK: Finn Vabø sprang fortare enn nokon gong på Eikanger då han deltok for første gong på fleire år.

Gledeleg var det å sjå 14-årige Finn Vabø tilbake på startstreken. Med tida 7.30 vart det fjerdeplass og han betra bestetida si med 44 sekund, men så var den også tre år gamal og notert då han var 11 år. 

VETERAN OG UNGGUT: Veteranen Helge Færø noterte 7.39 og var tre sekund føre 15-årige Kristoffer Hauge Haugland.

To andre femtenåringar som gjorde gode løp var Kristoffer Hauge Haugland på 7.42 og Kristoffer Apelthun Færø på 7.51. For Haugland var det rekordforbetring med 13 sekund.

Ein god del tiåringar og yngre stilte til start i løpet laurdag. Marius Hopland Larsen debuterte på den fine tida 8.46. 

FLOTT DEBUT: Marius Hopland Larsen debuterte på den fine tida 8.46. Sterkt gjort av tiåringen.

STARTEN: 47 deltakarar sprang på tid. Kristoffer Hopland (nr. 38) tok teten alt frå start. Nikolai Færø (nr. 75) opna hardt, men det gjekk litt tyngre på slutten for han. Men han fekk vist at rekordtida 8.02 i førre løp ikkje var noko blaff. Det vart 8.21 denne gongen.

Heile 101 deltakarar stilte til start i det andre karuselløpet for sesongen 2018-19. Forholda var greie med stort sett opphaldsvêr, litt kjølig og med noko motvind i delar av løypa. Neste løp på Eikanger går laurdag 24. november.

VETERANDUELL: Atle Austrheim og Rolf Vabø på oppløpet.

Vinterkarusell 2018-19, 2. løp.
Eikanger 3. november 2018
Arr.: Eikanger IL
Regnbye, ein del motvind ut mot brua,  + 5-6° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Kristoffer Hopland            7.05
2. Bertine Helene Færø            7.23
3. Harald Marthinussen            7.28
4. Finn Vabø            7.30
5. Helge Færø            7.39
6. Kristoffer Hauge Haugland            7.42
7. Kristoffer Apelthun Færø            7.51
8. Anders Eidsnes            7.59
9. Grethe Jørgensen            8.09
10. Einar Skrede            8.13

UNGE SPREKINGAR:  Ludvig Færø Linde (fremst) og Ida Herland Sæthre i frisk duell inn mot mål.

11. Johannes Hopland            8.18
12. Nikolai Færø            8.21
13. Atle Austrheim            8.35
14. Rolf  Vabø            8.39
15. Marius Hopland Larsen            8.46
16. Idar Odland            8.50
17. Amalie Kallestad            8.58
18. Ludvig Færø Linde            9.04
19. Ida Herland Sæthre            9.06
20. Nils Rune Sæthre            9.15

TETT I TETT: Nils Rune Sæthre (nr. 54), Olav Herland Sæthre (56) og Arve Henningsen (76).

21. Olav Herland Sæthre            9.16
22. Arve Henningsen            9.19
23. Jan Kårbø            9.26
24. Mats Johan G. Oppedal            9.28
25. Marcus Helland Haukås            9.32
26. Aase Midtgaard Skrede            9.44
27. Terje Eidsnes            9.51
28. Gunnar Hauge            9.57
29. Adrian Hansen Toft            10.01
30. Olav Alme            10.02

FØRSTE GONG PÅ TID: Marcus Helland Haukås sprang på tid denne gongen, og det gjekk fint – 9.32.

TETT SPURT: Rett over ti minuttar kom desse tre i mål. Fremst Adrian Hansen Toft,så Olav Alme og Merethe M. Odland.

31. Merethe M. Odland            10.03
32. Helene Osen            10.05
33. Sjur Øren Heggernes            10.23
34. Victoria Osen            10.26
35. Silje Nes Sjursen            10.43
36. Harald Hansen            10.44
37. Valborg Nes            10.49
38. Gunnar A. Larssen            10.54
39. Martin Ådnanes            10.54
40. Magnus Ådnanes            10.56
41. Håvard Andre G. Oppedal            10.57
42. Øyvind G. Oppedal            10.57
43. Torben Namdal            11.37
44. Sverre Solberg            11.38
45. Stein Tore Holsen Viken            11.40
46. Astrid Nes Sjursen            12.00
47. Gustav Ansnes Færø            13.23

FINT DRIV: Astrid Nes Sjursen i fint driv på siste strekket til mål.

Utan tid:

Renate Alme, Mette Ansnes, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Ove Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Kristoffer W. Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Einar Færø, Helga Marit Færø, Jo Harald Færø, Arvid Hauge, Stanley  Hauge, Adrian Hauge Haugland, Hilde  Haugland, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Bente Herland, Katrine Hopland, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Frida Færø Linde, Live Færø Linde, Rikke Færø Linde, Øyvind Namdal, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Margunn G. Oppedal, Cato Sperrevik, Sindre Andreas Sperrevik, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Richard Toft, Åge  Toft

Neste løp:

Laurdag 24. november kl. 15.00

FØRSTE SIGER: Kristoffer Hopland har delteke flittig i karusellen og tok laurdag første sigeren sin då han var med for 45. gong.

Tekst og foto: Stanley Hauge