Karusellfinale på Eikanger laurdag 7. april

Postet av Eikanger Idrettslag den 26. Mar 2018


Laurdag 7. april vert det karusellfinale på Eikanger med premieutdeling for sesongen 2017/18. Løpet startar som vanleg kl. 15.00, med påmelding frå litt før kl. 14.30.

Straks etter dette 9. løpet i vinterkarusellen startar premieutdelinga. Alle som har delteke i minst tre løp får medalje. 87 personar har tre eller fleire startar og har dermed alt sikra seg medalje. 38 personar står med to startar og kan sikra seg medalje ved å delta i det siste løpet.

Sjekk kor mange startar du har denne sesongen
(pdf-fil)

Premieringa er slik:

3-4 startar – bronse
5-7 startar – sølv
8-9 startar – gull

Mange startar
Ein del deltakarar skal også ha premie for å ha passert milepålar som 30, 75, 100 og 150 startar i karusellen. I år er det 5-7 personar som passer 30 startar, ein kan oppnå 75, 2-3 kan passera 100 startar og to veteranar har passert 150 startar.

 Dei to som får premie for 150 startar er: Åge Toft og Gunnar Hauge. For 100 startar vert det premie til Bjarne Gausvik og Inge Leknes.

Desse fem får premie for 30 startar: Arild Tverranger, Malin Marthinussen, Katrine Hopland, Hanne R. Eidsnes og Solveig Odland. Marcus Helland Haukås og Jan Erik Odland står med 29 startar og kan sikra seg 30-startpremie ved å delta i siste løpet.

Startkontingent 
Startkontingenten er kr 50,- for vaksne,  kr 25,- for born til og med 15 år, og  familiekontingent kr 90,- (samla for vaksne og born til og med 15 år).

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.

 – Løpet er ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna. Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Karusellrekord av Sara Rebekka Færø Linde

Postet av Eikanger Idrettslag den 10. Mar 2018


Sara Rebekka Færø Linde sette ny løpsrekord for kvinner i vinterkarusellen på Eikanger laurdag. Den nye rekorden er 7.17.

NY REKORD: Sara Rebekka Færø Linde sprang eitt sekund fortare enn nokon gong før i karusellen på Eikanger. Kristoffer Hopland sette ny personbeste med 7. 20. 

Ho kutta dermed eitt sekund av sin eigen rekord som ho sette for eitt år sidan, 10. mars i fjor. Rekorden kom medan ho er inne i ein hard treningsperiode før NM i terrengløp på Osterøy like over påske.

STERKT SOLOLØP: Halfdan Emil Færø gjorde eit av dei raskaste løpa sine i karusellen. 

Halfdan Emil Færø, bror til Sara, er også inne i ein hard treningsperiode før det same noregsmeisterskapet. Han testa forma og kom i mål på 6.14, ti sekund etter si eiga bestenotering. Han syntest det var litt kaldt der  han sprang i kortbukse, og var ikkje heilt nøgd med tida.

Løpet laurdag vart nærast eit sololøp for Halfdan Emil.  Han var heilt suveren, 77 sekund føre nummer to i mål, og det var Sara Rebekka.

NEST RASKASTE KVINNE: Bertine Helene Færø sprang på 7.41 og hadde fjerde beste tid av alle.

Kristoffer Hopland i 2003-klassen kutta på ny åtte sekund av bestetida si. Den nye personlege rekorden hans er 7.20. Sterkt løp også av jamgamle Kristoffer Nilsen Apelthun som i sesongdebuten sin, tangerte den nesten to år gamle rekorden sin på 7.44. To år yngre Johannes Hopland noterte 8.11, eitt sekund raskare enn han har greidd før.

SPURTSTERK: Amalie Kallestad har alltid ein sterk spurt. Denne gongen slo ho veteranen Arvid Hauge med nokre centimeter. Begge fekk tida 8.47.

Amalie Kallestad i 2006-klassen sprang på  ny eit sterkt løp, 8.47 denne gongen og berre tre skund etter besetida si. I same årsklasse sette Idar Odland ny bestenotering med 8.54, eit forbetring på fem sekund.

Forholda ved løpet laurdag var fine med berr veg, vindstille og nokre få plussgrader. 55 personar stilte til start.

VETERANAR: Jan Kårbø noterte sesongbeste med 9.29 og slo Arve Henningsen med to sekund. Henningsen har notert 9.29 tidlegare denne sesongen.

Laurdag 7. april vert det avsluttingsløp for sesongen 2017-18, med premieutdeling. Alle som har vore med i minst tre løp får medalje.

Vinterkarusell 2017-18, 8. løp.
Eikanger 10. mars 2018
Arr.: Eikanger IL
Opphald, berr veg, vindstille, + 2-3° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan Emil Færø            6.14
2. Sara R. Færø Linde            7.17
3. Kristoffer Hopland            7.20
4. Bertine Helene Færø            7.41
5. Kristoffer Nilsen Apelthun            7.44
6. Martin K. Kalnes            7.48
7. Grethe Jørgensen            8.04
8. Johannes Hopland            8.10
9. Amalie Kallestad            8.47
10. Arvid Hauge            8.47
11. Idar Odland            8.54
12. Nikolai Færø            9.16
13. Jan Kårbø            9.29
14. Arve Henningsen            9.31
15. Terje Eidsnes            9.37
16. Daniel Norheim            10.49
17. Bjørn Mo            10.50
18. Sofie Romarheim            10.56
19. Olai Nepstad            11.23
20. Stein Tore Holsen Viken            11.39
21. Sverre Solberg            11.41
22. Anna Ansnes Færø            14.07
23. Mette Aksnes            14.09

FLEIRE VETERANAR: Stein Tore Holsen Viken spang på 11.39, eitt sekund betre enn før denne sesongen, og to sekund raskare enn Sverre Solberg (nr. 41) denne gongen.

Utan tid:
Leiv Eidsnes, Magnus Elvik, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Gustav Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Jo Harald Færø, Aron David Hauge, Camilla Hauge, Nansy Hauge, Stanley  Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Inge Leknes, Sissel Mo, Kjell Namtveit, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Grethe Titland, Adrian Hansen Toft, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge  Toft

Neste løp:

Laurdag 7. april 2018 kl. 15.00.

SOLID PERSONLEG REKORD: Sofie Romarheim sprang på 10.56 – og var 45 sekund raskare enn nokon gong før.

SPENT PÅ TIDA: Johannes Hopland var spent på tida. Det heldt til personleg rekordforbetring med eitt sekund. 

Tekst og foto: Stanley Hauge.



Nest siste vinterkarusell – laurdag 10. mars

Postet av Eikanger Idrettslag den 3. Mar 2018

Laurdag 10. mars går det åttande og nest siste løpet i Eikanger IL sin vinterkarusell for sesongen 2017-18. Starten er som vanleg ved Eikanger skule med påmelding frå litt før kl. 14.30.

Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta på trimrunden straks dei har meldt seg på. For alle som skal springa på tid går starten presis kl. 15.00.

Siste løpet 
Det siste løpet for sesongen går etter påske, laurdag 7. april.

Startkontingent – nye prisar denne sesongen 
Startkontingenten er kr 50,- for vaksne,  kr 25,- for born til og med 15 år, og  familiekontingent kr 90,- (samla for vaksne og born til og med 15 år).

Lett løype 
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.

 – Løpet er ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna. Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering 
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. Om du berre har vore med i eitt løp tidlegare  denne sesongen, kan du framleis sikra deg medalje ved å delta i dei to siste løpa.

For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. Det vert også trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp.

Tekst og foto: Stanley Hauge