Ivrige friidrettsrekruttar på Ostereidet

Postet av Eikanger Idrettslag den 25. Mai 2018

Nesten 40 gutar og jenter prøvde seg i friidrett då Eikanger IL arrangerte stemne på Ostereidet tysdag 22. mai. 

Dei unge friidrettsrekruttane frå 5-6 år og oppover var ivrige. Pågangsmotet og innsatsen var stor. Øvingane som stod på programmet var 60m, lengde og ballkast.

Sommarkarusellen, som stemnet vert kalla, er meint å vera ein stad dei unge rekruttane får læra om friidrettsøvingane og litt om reglane som gjeld.

 
Variasjon i teknikk og utføring av øvingane er stor, enkelte har delteke og trena på friidrett før, medan det for andre noko nytt. Men manglande teknikk la ikkje noko dempar på innsatsen. 

I samsvar med reglar for barneidrett vert ikkje deltakarane på eit stemne som dette, rangerte etter resultat. Likevel, det er tydelege at det finst fleire med godt talent for friidrett i området til Eikanger IL. 10,0 og 10,1 på 60m av ti-åringar er flotte resultat. Det same er nesten tre meter i lengde av ei niår gamal jente. 

Resultatliste (pdf-fil)

 
Stemnet tysdag 22. mai vart halde i strålande og varmt ver. Mange foreldre stilte opp i lag med borna sine, og hjelpte til med å arrangera. Svært gledeleg synest både den nyvalde leiaren i friidrettsgruppa, Jo-Harald Færø, og veteranane som har vore med lenge.

Det vert nytt karusellstemne tysdag 12. juni. Planen er også at det skal vera trening for gutar og jenter tysdagane imellom desse stemnene, det vil seia tysdag 29. mai, 5. juni og tysdag 19. juni i veka etter det siste stemnet før ferien. Treningane vert frå kl. 18.00-19.00. 

 

Frå midt i juni startar arbeidet med å leggja ny raudstubb på løpebana på Ostereidet. Så litt ut i juli reknar idrettslaget med gode løpsforhold att på den intime grusbana.



Tekst og foto: Stanley Hauge



Sommarkarusell friidrett tysdag 22. mai

Postet av Eikanger Idrettslag den 6. Mai 2018

Tysdag 22. mai kl. 18.00 vert det friidrettsstemne for gutar og jenter på Ostereidet. Alle frå 5-6 år og oppover er velkomne til å delta. 60m, lengde og ballkast står på programmet i dette første karusellstemnet denne sesongen.

Det er berre å møta opp og melda seg på stemnet. Påmeldinga kan skje frå ca. kl. 17.30 og fram til start. 

Startkontingenten er kr 20,00 anten du er med i den eine eller alle øvingane.

Det er fint om foreldre er med og kan hjelpa til med arrangementet. Ekstra hyggeleg om du kan tenkja deg å vera med å dra i gang friidrettstrening for gutar og jenter. 

Karusell og trening
Friidrettsgruppa legg opp til to sommarkarusellar før ferien,tysdag 22. mai og tysdag 12. juni. Start kl. 18.00 begge gonger.

Planen er også at det skal vera trening foe gutar og jenter tysdagane imellom desse stemnene, det vil seia tysdag 29. mai, 5. juni og tysdag 19. juni i veka etter det siste stemnet før ferien. Treningane vert frå kl. 18.00-19.00. 

Etter sommarferien er planen å ha to karusellstemner, og føreløpig er det lagt opp til treningar tysdag 21. august og 4. september. 

Ny grus på løpebana
I samband med at det skal leggjast ny raudstubb på løpebana, kan det verta endringar. Arbeidet med opprustinga vil truleg starta midt i juni.

Tekst og foto: Stanley Hauge