Sara-Rebekka med flott innsats i EM i motbakkeløp

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 19. Jun 2018

Sara-Rebekka Færø Linde gjorde ein flott innsats i European Mountain Running Championships, EM i motbakkeløp, i makedonske Skopje søndag 1. juli.

Sara-Rebkka, som no representerer Varegg i Bergen, var ein av tre norsk deltakarar i dameklassen. Dei to andre er Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb, og Eli Anne Dvergsdal, IL Varegg.

Eli Anne Dvergsdal vart nummer fire, fem sekunder bak bronsemedaljen i det som vart eit realt spurtoppgjer om den siste medaljen.
Anita Iversen Lilleskare frå BFG Bergen Løpeklubb vart nummer 20 og Sara-Rebekka Færø Linde nummer 27.

I lagkonkurransen vart det femteplass til Norge.

Sjå meir på friidrett.no

Tekst og foto: Stanley Hauge



Sommarkarusell friidrett tysdag 4. september

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 4. Jun 2018

Tysdag 4. september kl. 18.00 vert det friidrettsstemne for gutar og jenter på Ostereidet. Alle frå 5-6 år og oppover er velkomne til å delta. Det vert 60m, lengde og kanskje ei øving til i dette tredje karusellstemnet i år.

Det er berre å møta opp og melda seg på stemnet. Påmeldinga kan skje frå ca. kl. 17.30 og fram til start. 

Startkontingenten er kr 20,00 anten du er med i ei, to eller alle øvingane.

Det er fint om foreldre er med og kan hjelpa til med arrangementet. 

Karusell og trening 

For gutar og jenter er det trening om tysdagane frå kl. 18.00-19.00 fram til idrettsskulen startar. Det vert kanskje eit karusellstemne til tysdag 18. september. 

Ny grus på løpebana

Det er no kome ny grus på løpebana, slik at det er betre og trivlegare å driva friidrett der,

Tekst og foto: Stanley Hauge