Broderduell i Eikangerløpet

Postet av Eikanger Idrettslag den 30. Sep 2018

Eikangerløpet vart ein duell mellom brørne Jo Harald og Magnus Johan Færø. Jo Harald avgjorde spurten på oppløpssida. Vinnartida hans var 17.19,8. 

Magnus Johan kom i mål sekundet etter på 17.20,9. Med tanke på at begge Færø-brørne deltok i Stoltzekleiven Opp under tunge forhold laurdag, var det brukbare tider. På tredjeplass kom 16-årige Magnus Håland frå Austrheim på 17.53,6. Ein flott prestasjon av Håland som debuterte på distansen.

Jo Harald Færø vann spurtduellen mot broren Mahgnus Johan med om lag eitt sekund.

Magnus Johan og Jo Harald Færø veksla om å dra feltet. Magnus Håland hang på dei to Færø-karane til det var 4-5 rundar att, då måtte han sleppa. 

Grethe Jørgensen, også ho med Stolzen i beina frå dagen før, gjorde eit sterkt løp. Med tida 20.09,1 var ho fem sekund bak bestetida si frå i fjor på Ostereidet. 

Grethe Jørgensen var raskaste kvinne med tida 20.09,1, nokre sekund bak den personelge rekorden frå i fjor.

19 løparar stilte til start i år, ei god blanding av veteranar og yngre løparar. Forholda var bra med med ny raudstubb på bane. Litt regn i starten av løpet, men sola kom fram og regnet heldt seg vekke resten av løpet.

To løparar fekk pokal for å ha delteke 25 gonger i Eiangerløpet: Sverre Solberg og Bjørnar Eidsheim.

Storset Opp og vinterkarusell
Laurdag 13. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Ti løp skal arrangerast det komande halvåret. Og komande søndag, 7. oktober, er det Storset Opp med stsrt i Bjørsvik.

Eikangerløpet 2018.
Ostereidet idrettsbane 30.9.2019  
Arr.: Eikanger IL
Skya, regnbye og solgløtt, +9-10° C. 

5000m menn 
1.             Jo Harald Færø (1983), Eikanger IL            17.19,8
2.             Magnus Johan Færø (1995), Eikanger IL            17.20,9
3.            Magnus Håland (2002), Austrheim IL            17.53,6
4.            Terje Håland (1975), Austrheim IL            19.13,6
5.            Helge Færø (1960), Eikanger IL            19.14,5
6.            Kristoffer  Apelthun Færø (2003), AKS 77            19.46,7
7.            Bjørnar Eidsheim (1968), Eikanger IL            20.04,3
8.             Arvid Hauge (1960), Eikanger IL            20.56,9
9.            Harald Nygård (1950), AKS 77            21.41,8
10.            Brynjar Nordanger (1963), Eikanger IL            23.28,3
11.            Arve Henningsen (1972)            23.44,0
12.            Daniel Norheim (2009), AKS 77            24.03,7
13.            Bjørn Mo (1952), AKS 77            24.04,8
14.            Gunnar Hauge (1955), Eikanger IL            24.25,9
15.            Asbjørn Eidsheim (1946), Eikanger IL            27.13,0
16.            Sverre Solberg (1952), AKS 77            27.32,6
17.            Stein Tore Holsen Viken (1946)            28.27,2

5000m kvinner                                    
1.             Grethe Jørgensen (1975), AKS 77            20.09,1
2.            Amalie Kallestad (2006), AKS 77            22.50,7

Tekst og foto: Stanley Hauge



Storset Opp søndag 7. oktober

Postet av Eikanger Idrettslag den 22. Sep 2018

Søndag 7. oktober vert Storset Opp arrangert for andre gong. Motbakkeløpet for heile familien startar på dampskipskaien i Bjørsvik og har målgang lengst nord på Storset. 

Ver med på trimfesten som samla 400 store og små i fjor. Ved å delta kan du vinna flotte premiar ved  trekninga på startnummer. Alle deltakarane får t-skjorte.

Påmelding:

Registerer deg og dine på nettsida (lenkje nedanfor) og hent startnummer på Bjørsvikkaien.

Påmelding Storset Opp

Påmeldingsavgift:

Konkurranseklasse:
Over 16 år (fødd før 1.1.2002):                  250 kr
Under 16 år (fødd etter 1.1.2002):             150 kr

Trimklasse:
Individuell påmelding                                 100 kr
Familie                                                       250 kr
(maks 2 vaksne, og barn fødd etter 1.1.2000)

Start:
Trimklasse klokka 11:00-12:30
Fellesstart konkurranseklassar klokka 12:30

Praktisk informasjon: 

Rebusløp for born. Hent ark og blyant ved start. Finn ti postar som er god synlege på vegen opp til Storset.

Parkering ved Ostereidet ungdomsskule

Busstransport frå Ostereidet ungdomsskule til start i Bjørsvik

Premiering:
Flotte premiar trekt på startnummer - iPad, treningstøy.
Pengepremiar til dei tre raskaste kvinner og menn i konkurranseklassen.
Premiering til dei 3 beste i juniorklassen (12-15 år)
T-skjorte til alle deltakarar

Om løypa
Storset opp startar i historiske omgjevnader på dampskipkaien i Bjørsvik. Frå start snirklar løypa seg på asfalt og grus i 3,0 kilometer til målgang på Storset. Her, om lag 200 meter over havet, kan ein nyte storslått utsyn over bygdene langs Osterfjorden og Hindenesfjorden.

Frå løpet i fjor

Folkefest i første utgåva av Storset Opp (2017)

Foto: Daniel Gjeslvik

Tekst: Jo Harald Færø og Stanley Hauge



Eikangerløpet – 5000m på bane – søndag 30. september

Postet av Eikanger Idrettslag den 22. Sep 2018

Søndag 30. september er det klart for Eikangerløpet på det nye raudstubbdekket på bana på Ostereidet. Start kl. 15.00 og påmelding frå ca. kl. 14.15. Startkontingent kr 75,00.


Dette tradisjonsrike 5000m-løpet vert i år arrangert for 39. gong. Deltakarane kan i år sjå fram til at løpet går på heilt nylagt banedekke. I sommar kom ny raudstubb på plass på den knapt 300m lange bana. Om veret spelar på lag vert løpsforholda betre enn på lange tider.


Løpet passar ikkje berre for aktive friidrettsutøvarar, men også for trimmarar og mosjonistar som til vanleg ikkje deltek i baneløp. Her får dei eit fint høve vil testa seg på ei rundløpsbane.


Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 19 deltakarar.


Løpsrekordar
Halfdan Emil Færø har løpsrekorden med 15.23,0 frå 2015. I dameklassen er det Sara Rebekka Færø Linde som har rekorden med 18.24.5 frå 2017. 


Arvid Hauge har vore med 37 gonger og Inge Nævdal 33 gonger. Elles har Sverre Solberg 25 og Bjørnar Eidsheim 24 startar, Gunnar Hauge 22 og Sigmund Nævdal 20. 


Fleire løp i haust

Søndag 7. oktober arrangerer Eikanger IL motbakkeløpet Storset Opp for andre gong. Løpet startar på kaien i Bjørsvik og har mål ved nordste garden på Storset. 


Vinterkarusellen til Eikanger IL har første løp laurdag 13. oktober på Eikanger. Det vert ti løp i sesongen 2018/19.

Tekst og foto: Stanley Hauge