To unge karusellvinnarar

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 26. Jan 2019

VINNARTRIO: Veteranen Ove N. Morken (nr. 34) måtte ta til takke med tredjeplass. Sonen Phillip vann klart og Kristoffer Hauge Haugland (56) var like klar nummer to. 

Phillip Morken og Stina Nes Sjursen gjekk til topps i vinterkarusellen på Eikanger laurdag 26. januar. Phillip var raskast av alle med 7.31 og Stina var raskast kvinne med 9.20.

FØRSTE SIGER: Stina Nes Sjursen var for første gong raskaste kvinne i karusellen på Eikanger.

For begge ungdomane var det første gong dei vann karusellen. Vinnartida til Phillip Morken (f. 2004) var berre to sekund etter bestenoteringa hans på 7.29 frå 17. februar i fjor. Ein flott prestasjon under tunge, vinterlege forhold.

Nest raskast av alle laurdag var Kristoffer Hauge Haugland (f. 2003) på tida 8.01, og på tredjeplass kom veteranen – og far til vinnaren – Ove N. Morken på 8.20. Idar Odland (f. 2006) kom på femteplass med 8.50 – eit av dei beste løpa han har gjort.

PÅ GLATTEN: Veteranen Ove N. Morken tok føringa på det glatte føret ut frå mål og rundt første sving, tett følgd av Philip Morken og Kristoffer Hauge Haugland. Dei tre kom også første i mål, men i ei litt annan rekkjefølgje.

Dei vinterlege forholda med snø og is i over halve løypa, sørpeføre i ein fjerdedel, gjorde det tungt å springa. Og ned første bakken måtte ein vera varsam på glatten. For mange vart tidene fort 20-40 sekund svakare enn med berr veg. Likevel var det fleire som sprang tett opp mot bestetidene sine. 

IMPONERTE: Ungjenta Mina Elisabeth Søraa imponerte med eit flott løp på god tid under tunge forhold. 

Ei av dei som imponerte var Mina Elisabeth Sørå (f. 2008) som med 9.45 tangerte bestetida si og vart nest raskaste jente.

Deltakinga under dei vinterlege forholda var god med 76 startande. Neste løp på Eikanger går laurdag 16. februar.

FØRSTE SIGER: Phillip Morken vann vinterkarusellen for første gong.

Vinterkarusell 2018-19, 6. løp.
Eikanger 26. januar 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, snø, is og snø ut til brua, berr gangveg, slaps resten,  + 2-3° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Phillip Morken            7.31
2. Kristoffer Hauge Haugland            8.01
3. Ove Normann Morken            8.20
4. Anders Eidsnes            8.41
5. Idar Odland            8.50
6. Gaute Sørli Verlo            9.15
7. Stina Nes Sjursen            9.20
8. Hogne Haugsdal            9.26
9. Marius Hopland Larsen            9.27
10. Eskil Sørli Verlo            9.40

UNGE TALENT: Eskil Sørli Verlo (nr. 71) i fint driv på oppløpet. Like bak kjem Mina Elisabeth Søraa. 

11. Mina Elisabeth Søraa            9.45
12. Jan Kårbø            9.54
13. Ruben Hosøy            10.13
14. Olav Alme            10.14
15. Adrian Hansen Toft            10.16
16. Victoria Osen            10.20
17. Terje Eidsnes            10.31
18. Martin Ådnanes            10.38
19. Svein Cato Falkanger            10.42
20. Frode Sjursen            10.45
21. Solveig Villanger Haugland            10.58
22. Helene Osen            10.59
23. Martin Andreas Sørå            11.06
24. Harald Hansen            11.16
25. Hege Mørch Fosse            11.18
26. Valborg Nes            11.39
27. Magnus Ådnanes            11.39
28. Kjell Namtveit            11.51
29. Ove Danielsen            12.21
30. Sverre Solberg             12.43
31. Elias Øvretveit            13.05
32. Cato Sperrevik            13.18
33. Venke Fyllingsnes            14.25
34. Jonas Øvretveit            16.53
35. Liam Hansen Toft            16.55

JUBLANDE I MÅL: Solveig Villanger Haugland, og like bak kjem Helene Osen.

Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Margrethe Alme, Renate Alme, Maria Annan, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Silje Falkanger, Jan S. Fyllingsnes, Bente E. Fyllingsnes, Arvid Hauge, Stanley  Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Kate Hosøy, Isak Øvretveit Hosøy, Inge Leknes, Kathrine Namdal, Torben Namdal, Olai Nepstad, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Susanne Rebnord, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Linn Sørå, Laila Toft, Monica Toft, Åge  Toft, Amalie Øvretveit, Janina Øvretveit, Johanne Øvretveit, Anna  Ådnanes, Ingrid Rebnor Ådnanes

76 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 16. februar kl. 15.00.

KVA VERT TIDA? Hogne Haugsdal sjekkar tida. Den vart fine 9.26 for han, eitt sekund fortare enn for tre veker sidan då det var langt betre forhold. Like bak han kjem Marius Hopland Larsen (f. 2008) på 9.27.

SIDE OM SIDE: Ruben Hosøy (39) og Olav Alme (3) med Adrian Hansen Toft imellom seg litt lenger bak.

FINT DRIV: Helene Osen sprang på 10.59, og litt lenger bak kjem Martin Andreas Søraa på 11.06.

TETT I TETT: Harald Hansen noterte 11.16 på vinterføret, og like bak kom Helene Mørch Fosse som debuterte i karusellen med 11.18.

UNG «VETERAN»: Cato Sperrevik har trass sin unge alder alt delteke 50 gonger i vinterkarusellen.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Vinterkarusell laurdag 26. januar på Eikanger

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 21. Jan 2019

Sjette løpet i vinterkarusellen på Eikanger går laurdag 26. janaur med start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.

Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt».

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.

Det står fem løp att frametter vinteren og våren: 26. januar, 16. februar, 9. mars, 30. mars og 13. april.

Startkontingent
Born til og med 15 år             kr 25,-
Vaksne                                   kr 50,-
Familie                                   kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)

Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf

Meir informasjon om karusellen 2018-19

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar. 

 – Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. 

Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Toppløp av Bertine-Helene Færø

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 5. Jan 2019

REKORDTANGERING: Ny personleg rekord i karusellen og tangering av løyperekorden på 7.17. Eit toppløp av Bertine-Helene Færø.

Bertine-Helene Færø slo den åtte år gamle personlege  rekorden sin i vinterkarusellen med fem sekund og tangerte løyperekorden for kvinner. I nyttårsløpet på Eikanger leverte ho eit svært sterkt løp.

I februar 2011 sprang den 19-år gamle Bertine-Helene på 7.22 og den tida stod som løpsrekord  til februar 2017. Då sprang søstera Sara-Rebekka Linde på 7.18, ein rekord ho betra med eitt sekund 10. mars 2018. Bertine-Helene som no ser ut til å vera på veg til å verta ein betre løpar enn nokon gong før, tangerte rekordtida 7.17 laurdag.

FØRSTE SVING: Halfdan-Emil Færø i teten rundt første sping, følgd av Kristoffer Hopland (nr. 56), Bertine-Helene Færø (82), Jo-Harald Færø (33) og Knut Magne Hauge (80).

Det var 25. gongen Bertine-Helene har vore raskaste kvinne i karusellen. Aller raskast var broren Halfdan-Emil Færø som med 6.22 noterte den klart beste vinnartida i karusellen denne sesongen.

VINNAR: Halfdan-Emil Færø var først i mål i karusellen for 21. gong. Tida var sesongbeste 6.22.

KAMP OM ANDREPLASSEN: Knut Magne Hauge (t.v.) var sterkast i spurten om andreplassen, medan Jo-Harald Færø vart nummer tre.

Knut Mange Hauge og Jo-Harald Færø hadde ein frisk duell om andreplassen. Den avgjorde Knut Magne til sin fordel og noterte tida 6.45, som er tangering av bestetida hans frå 2013. Jo-Haralad var om lag sekundet etter i mål.

PÅ OPPLØPET: Kristoffer Hopland fremst, følgd av Vebjørn Haugsdal og Bertine-Helene Færø. Kanskje Bertine-Helene fekk litt drahjelp av dei to karane fram  mot rekordtangeringa?

Unge Kristoffer Hopland vart nummer fire etter spurtoppgjer med Vebjørn Haugsdal og nettopp Bertine-Helene. Hopland var med 7.15 litt etter bestetida si, medan Vebjørn Haugsdal betra bestetida med 15 sekund til 7.16. 

STADIG RASKARE: Johannes Hopland inn til ny personleg rekord.

Fleire andre unggutar leverte også sterke løp. Johannes Hopland (f. 2005) kutta nye 10 sekund av bestetida si som no er på 7.35. Jamgamle Eivind Langøy sprang på 7.39, ni sekund betre enn før. Marius Hopland Larsen i 2008-klassen sette solid personleg rekord med 8.33. Og Gaute Sørli Verlo i same aldersklassen sprang på 8.43.

NY PERSONLEG REKORD: Eivind Langøy i mål på 7.39.

Grethe Jørgensen var nest raskaste kvinne med sesongbeste på 8.01. Deretter kom jentene Amalie Kallestad 9.11 og Ida Herland Sæthre på 9.17.

RADØY-OPPGJER: Kristoffer Hauge Haugland i mål på 8.00. Grethe Jørgensen inn til 8.01 og sesongbeste. 

Løpsforholda var bra med nokre regndråpar i lufta, vindstille, 5-6 plussgrader og berr veg. 98 personar stilte til start. Neste karusell på Eikanger vert laurdag 26. januar.

STARTEN: 50 deltakarar stilte i klassen med tidtaking.

Vinterkarusell 2018-19, 5. løp.
Eikanger 5. januar 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, litt regn, berr veg   6° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan-Emil Færø            6.22
2. Knut Magne Hauge            6.45
3. Jo-Harald Færø            6.46
4. Kristoffer Hopland            7.15
5. Vebjørn Haugsdal            7.16
6. Bertine-Helene Færø            7.17
7. Johannes Hopland            7.35
8. Eivind Langøy            7.39
9. Bjørnar Eidsheim            7.47
10. Tore Klanderud            7.48

SOLID FORBETRING: Marius Hopland Larsen (f. 2008) sprang på 8.33, 13 sekund raskare enn nokon gong før.

11. Kristoffer Hauge Haugland            8.00
12. Grethe Jørgensen            8.01
13. Einar Skrede            8.16
14. Marius Hopland Larsen            8.33
15. August Rønn-Aar            8.42
16. Gaute Sørli Verlo            8.43
17. Nikolai Færø            9.04
18. Idar Odland            9.05
19. Amalie Kallestad            9.11
20. Eskil Sørli Verlo            9.14
21. Ida Herland Sæthre            9.17
22. Marcus Helland Haukås            9.19
23. Hogne Haugsdal            9.27
24. Arve Henningsen            9.31
25. Are Flekke            9.37
26. Heidi Vågstøl            9.41
27. Aase Midtgaard Skrede            9.45
28. Nina Elisabeth Søraa            9.45
29. Gunnar Hauge            9.47
30. Jan Halvard Edvardsen            9.54
31. Terje Eidsnes            9.58
32. Martin Ådnanes            10.01
33. Fillip Sagstad            10.05
34. Adrian Hansen Toft            10.06
35. Merethe M. Odland            10.07
36. Victoria Osen            10.08
37. Leon Veland            10.10
38. Helene Osen            10.18
39. Åshild Langøy            10.29
40. Harald Hansen            10.36
41. Sjur Øren Heggernes            10.37
42. Olav Herland Sæthre            11.01
43. Alf Kåre Mosland            11.08
44. Elias Mosland            11.09
45. Sverre Solberg            11.30
46. Stein Tore Holsen Viken            11.44
47. John Runar Vågstøl            13.55
48. Olivia Rønn-Aar            14.03
49. Jonathan Mosland            14.51
50. Cecilie Beate Mosland            14.52

FLOTT DRIV: Eskil Sørli Verlo  i flott driv mot mål.

Utan tid:
Kristian Bjørge, Maja Andrine Bjørge, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Gustav Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Arvid Hauge, Hilde  Haugland, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Bente Herland, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Kristine Kieiveland, Jan Kårbø, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Mattis Morken, Anne Lise Nordpoll, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Susanne Rebnord, Anna Bjørge Revheim, Cato Sperrevik, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Åge  Toft, Monica Toft, Mathias Veland, Johanne Øvretveit, Anna  Ådnanes

98 deltakarar.

Neste løp:

Laurdag 26. januar 2019 kl. 15.00.

GJENG MOT MÅL: Filip Sagtad (nr. 53) fremst, så Adrian Hansen Toft (40), Merethe Odland (39), Victoria Osen (75) til venstre og Leon Veland (43). 

Tekst og foto: Stanley Hauge