Laurdag 11. mars - vinterkarusell nummer 300

Postet av Eikanger Idrettslag den 4. Mar 2017

Laurdag 11. mars vert løp nummer 300 i Eikanger IL sin vinterkarusell arrangert. Sidan starten i 1979 har det vore nesten 18 000 startar i karusellen.

Jubileumsløpet går i den no faste løypa rundt Eikangervågen og er det åttande løpet denne sesongen.

Starta på Kløve
Første løpet vart skipa til 22. desember 1979 på Kløve. Løypa (3150 m) gjekk frå Kløvheim skule, om Fammestad og attende til skulen. 22 deltakarar stilte til start. Gunnar Hauge, som også var den som hadde teke initiativet til karusellen, delte sigeren med Ole Johan Eidsnes.

Dei tre første sesongane vart det arrangert eitt løp på kvar av stadane Kløve, Eikanger, Leiknes og Ostereidet. I sesongen 1980/81 vart det også halde eit løp på Stranda. Frå og med 1982/83 vart Eikanger fast stad for vinterkarusellen.

Toppsesongane
Sesongane 1984/85 og 1985/86 står enno som toppår når det gjeld deltakarar i karusellen på Eikanger. I det første løpet hausten 1984 stilte det 113 personar, og også i dei to neste løpa var det over 100 deltakar. Sesongen etter var like bra med 120 deltakar i det første løpet hausten 1985, ein rekord som står enno.

Men også i dei siste sesongen har det vore god deltaking. I dei sju første løpa i vinter har det vore vel 80 deltakarar i gjennomsnitt, og 97 på det meste.


Fleirtalet av dei som deltek i karusellen, tek turen rundt Eikangervågen som trim utan tidtaking.

Flest startar
Terje Eidsnes er den som har delteke flest gonger. Han var med i karusellen for første gong 4. desember 1982 vel ti år gamal. I alt har han delteke i 253 av dei 299 løpa som er arrangerte, nesten 85 % av gongene. Imponerande.

Snart 18 000
I alt har det vore 17 786 startar i karusellen. Milepålen 18 000 kan kanskje rundast i det siste løpet denne sesongen. To personar har delteke i løp alle sesongane sidan starten, Arvid Hauge og Steinar Haukås.

Harald Nygård står med 29 sigrar i karusellen.

Rekordane
Harald Nygård har vore raskast i karusellen 29 gonger og Helge Færø 27 gonger. Sigrun Molland har vore raskaste kvinne 41 gonger og Grethe Jørgensen 28.

Løyperekordane er det familien Færø som har. Halfdan Emil Færø har med 6.04 bestetida av alle. Raskast av kvinnene er søstrene Bertine Helene Færø og Sara Rebekka Færø Linde som begge har sprunge på 7.22.

Jubileum
Eikanger IL ynskjer velkomen til jubileumskarusell på Eikanger laurdag 11. mars. Starten går som vanleg kl. 15.00 og med påmelding den siste halvtimen, og vel så det, før start. I jubileumsløpet vert det litt ekstra premiar trekte ut på startnummer.

Heile seks sekund forbetra Halfdan Emil Færø løyperekorden med, til 6.04, i karusellen på Eikanger 6. mars 2013.


Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc