Vinterkarusell på Eikanger laurdag 1. april

Postet av Eikanger Idrettslag den 21. Mar 2017

Laurdag 1. april vert det nytt løp i vinterkarusellen på Eikanger. Det niande og nest siste løpet denne sesongn. Løypa er som vanleg knappe 2,2 km rundt Eikangervågen.

Påmelding er som vanleg frå ca. kl. 14.30, og dei som skal trimma utan tidtaking kan starta så snart dei er påmelde.

For dei som skal springa på tid går starten alltid presis kl. 15.00 frå Eikanger skule.

Det vert trekt ut premiar på startnummer til om lag ein tidel av talet på startande.

Fin trim
I den lette og fine løypa rundt Eikangervågen, med start frå skulen, kjem du i lag med andre trimmarar. Farten avgjer du sjølv. Du kan springa for å oppnå ny bestetid eller du kan rusla rundt i hyggeleg lag med andre trimmarar – utan tanke på klokka. Og du treffer folk i alle aldrar, frå eitt-to-åringar til pensjonistar.

Løypa
Distansen er ca. 2,15 km. Men vil du trimma lenger er det fritt fram – slik mange gjer – dei tek ein ekstrarunde før eller etter løpet.

Eitt løp til
Det siste løpet går etter påske, laurdag 22. april Då vert det premiutdeling for heile sesongne, med medaljar til alle som har vore med i minst tre løp.

Startkontingent
Vaksne: kr 40,00 per løp.
Born til og med 15 år: kr 20,00 per løp.
Familie (foreldre/føresette og born t.o.m. 15 år): kr 70,00

Sesong-premiering

Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får premie. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og 150 og 200 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.