Karusellfinale på Eikanger laurdag 22 . april

Postet av Eikanger Idrettslag den 14. Apr 2017

Laurdag 22. april er det karusellfinale på Eikanger med premieutdeling for heile sesongen. Nedanfor kan du finna ut om du er ein av dei mange som skal ha premie.

Straks etter dette 10. løpet i vinterkarusellen vert det premieutdeling for sesongen. Alle som har delteke i minst tre løp får medalje. 112 personar har tre eller fleire startar og har dermed sikra seg medalje. 40 personar står med to startar og kan sikra seg medalje ved å delta i det siste løpet. Aldri før har så mange fått medalje etter ein sesong.

Sjekk kor mange startar du har (pdf-fil)

Ein del deltakarar skal også ha premie for å ha passert milepålar som 30, 75, 100 og 250 startar i karusellen. I år er det ca. 10 personar som passer 30 startar, eit par rundar 75, 4-5 kan passera 100 startar og to veteranar har passert 250 startar.

Karusellstartar-1979-2016.pdf

Sverre Solberg er den andre som har passert 250 startar i vinterkarusellen.

Eit lite ekstra poeng med løpet laurdag er start nummer 18 000 sidan første løp i 1979 vil verta passert. Det ligg også godt an til å verta ny rekord for samla deltaking i ein sesong. Hittil er det 750 startar i sesongen, berre tre bak rekorden.

Eikanger IL håpar alle som skal ha premie møter opp.

Løypa er som vanleg rundt Eikangervågen med start kl. 15.00. Påmelding frå litt før kl. 14.30. Og dei som skal gå utan tid, kan starta straks dei er påmelde.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc