Engelsk karusellvinnar på glatten

Postet av Eikanger Idrettslag den 25. Nov 2017

David Myers, engelskmann busett i Stockholm, gjekk til topps i den tredje vinterkarusellen på Eikanger. På besøk her i distriktet stilte Myers til start og vann på 7.32.

PERSONBESTE: Veteranen Grethe Jørgensen sette for andre gong denne sesongen ny bestenotering i karusellen. 

Den som imponerte mest under dei litt tunge forholda laurdag, var veteranen Grethe Jørgensen som med 7.55 noterte ny personleg rekord i karusellen. Ho har betra bestetida si med 12 sekund denne sesongen. På glatt og sleipt føre i delar av løypa, var rekordforbetringa hennar ein sterk prestasjon.

For 30. gong var ho raskaste kvinne i karusellen. Og ho er no den 5. raskaste kvinna i karusellen sidan starten i 1979, og det er berre fem sekund opp til 3. plass.

SPURTDUELL: Veteranen Anders Eidsnes greidde så vidt å spurtslå unge Phillip Morken, begge fekk 7.43. Til venstre bak kjem Over N. Morken inn til 7.45

Kampen om topplassane for menn var jamnare enn på lenge. På andreplass kom Harald Marthinussen på 7.34, på tredjeplass Helge Færø på 7.37, medan Anders Eidsnes og Phillip Morken på 4. og 5. plass begge fekk 7.43. For både Harald og Helge var det dei beste tidene dei har oppnådd sidan sesongen 2014-15.

UNDER NI MINUTTAR: Nikolai Færø  (nr. 71) sprang under ni minuttar for første gong i karusellen, med god hjelp av faren, Einar, som «hare».

Flotte løp gjorde også Nikolai Færø som med 8.55 sprang under ni minuttar for første gong, og Adrian Hansen Toft som med 9.59 kom under ti minuttar for første gong. Sunniva R. Eidsnes sette også personbeste, og mangla berre nokre tidelar på å kom under ti blank ho også. 

FRISK SPURT: Ida Herland Sæthre (nr. 73), Adrian Hansen Toft (nr. 43) og Sunniva R. Eidsnes (nr. 39) i frisk spurt på det snø- og sørpedekte oppløpet.

Under sjølve løpet heldt hagl- og regnbyene seg vekke, men ned første bakken og eit par andre stader var det sleipt og glatt og elles våt asfalt. Tyngst var det likevel i starten og på oppløpet til mål, då det var masse slaps der sidan vegen inn til skulen ikkje var brøyta.

SØRPEFØRE: Det var skikkeleg vinterføre i starten på karusellen laurdag. Masse sørpe og tungt å springa ut frå start.    

Trass det rufsete veret var det 66 deltakarar i løpet, og heile 41 av dei sprang på tid. Mange av dei trenar tydelegvis godt, for ut frå forholda sprang dei godt og mange oppnådde årsbeste.

Det siste løpet på Eikanger før jul går laurdag 16. november.

Vinterkarusell 2017-18, 3. løp.
Eikanger 25. november 2017
Arr.: Eikanger IL
Stort sett opphald, våt veg, glatt og slaps i delar av løypa, stille  + 3-4° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. David  Myers            7.32
2. Harald Marthinussen            7.34
3. Helge Færø            7.37
4. Anders Eidsnes            7.43
5. Phillip Morken            7.43
6. Ove Normann Morken            7.45
7. Sverre Johansen            7.54
8. Grethe Jørgensen            7.55
9. Trond Austrheim            7.58
10. Kristoffer Hopland            8.03
11. Einar Skrede            8.11
12. Johannes Hopland            8.21
13. Atle Austrheim            8.39
14. Arvid Hauge            8.49
15. Einar Færø            8.54
16. Nikolai Færø            8.55
17. Idar Odland            9.00
18. Are Flekke            9.06
19. Amalie Kallestad            9.09
20. Aase Midtgaard Skrede            9.34
21. Remi Fyllingen            9.42
22. Arve Henningsen            9.46
23. Ida Herland Sæthre            9.57
24. Adrian Hansen Toft            9.59
25. Sunniva R. Eidsnes            10.00
26. Nils Rune Sæthre            10.04
27. Harald Norheim            10.28
27. Daniel Norheim            10.28
29. Olav Alme            10.34

VETERANAR: Veteranane Jan Kårbø (nr. 5) og Atle Kolbeinsen på oppløpet.

30. Jan Kårbø            10.35
31. Atle  Kolbeinsen            10.37
32. Kjell Namtveit            10.44
33. Torleiv Brørvik            11.01
34. Olai Nepstad             11.42
35. Stein Tore Holsen Viken             11.48
36. Trude Austrheim             11.55
37. Ingunn Kvalsvik            11.59
38. Liam Hansen Toft            12.42
39. Richard Toft            12.43
40. Gustav Ansnes Færø            13.39
41. Jo Harald Færø            13.40 

Utan tid:Hallgeir Alme, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Sofie Haugland Hauge, Stanley  Hauge, Solveig Villanger Haugland, Kay Eric Haukås, Steinar Haukås, Anna Sofia Hilleren, Katrine Hopland, Alf  Høyland, Inge Leknes, Jonas Marthinussen, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Grethe Titland, Monica Toft, Åge  Toft

Neste løp:
Laurdag 16. desember kl. 15.00

GLATT BAKKE: Arrangørane skrapa bort is og snø i den første svingen, men det var ein del glatte parti ned den første unnabakken.

Tekst og foto: Sanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc