Førjulskarusell på Eikanger laurdag 16. desember

Postet av Eikanger Idrettslag den 11. Des 2017


Laurdag 16. desember kl. 15.00 vert det førjulskarusell på Eikanger. Alle trimmarar er velkomne, og særleg velkomne er trimmande nissar. Kanskje vert dei like mange som for tre sesongar sidan (biletet).

 Løpet laurdag ettermiddag er det fjerde i vinterkarusellen denne sesongen.

Raskaste og best kledde nisse vert premiert, og det vert også litt utvida premiering trekt på startnummer. Pluss servering av julegodt til alle deltakarane!

Løypa er som vanleg ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, så det bør ein nisse fint greia som førjulstrim og opplading til meir krevjande oppgåver ei veke seinare! Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Og dei som deltek utan tidtaking, kan starta så snart dei har meldt seg på.

Startkontingent – nye prisar denne sesongen 
Startkontingenten er kr 50,- for vaksne, kr 25,- for born til og med 15 år, og familiekontingent kr 90,- (samla for vaksne og born til og med 15 år).

Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. Det vert også trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp.

Første løp etter nyttår vert laurdag 6. januar, deretter vert det løp 27. januar, 17. februar, 10. mars og 7. april.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline