Unggutar best i nyttårsløpet

Postet av Eikanger Idrettslag den 6. Jan 2018

To unggutar var raskast i nyttårsløpet på Eikanger laurdag. Adrian Hauge Haugland vann på tida 7.16. 

Den unge debutanten frå Bøvågen, fødd i 2000, var 18 sekund føre den tre år yngre Kristoffer Hopland (f. 2003). Kristoffer, som er frå Eikanger, sette ny personleg rekord med 7.34. Han betra bestetida si frå oktober 2016 med fem sekund, og han var 11 sekund raskare enn i løpet rett før jul.  

Kristoffer Hopland sette ny personleg rekord i karusellen med 7.34.

Grethe Jørgensen var for tredje gong denne sesongen raskaste kvinne – denne gongen med 8.06. Nest raskast av kvinnene var Kristin Romarheim på 8.43 som var 17 sekund betre enn den tidlegare besttida hennar frå oktober 2013. Amalie Kallestad sprang også eit godt løp på 8.48 og var berre ni sekund etter rekordløpet sitt i april i fjor. 

RASKAST PÅ NY: Grethe Jørgensen var raskaste kvinne for 32. gong.

Nedover på resultatlista var det fleire som kunne notera seg for betre tider enn i løpa i fjor haust. Are Flekke viser klart sigande form med 8.31 etter at han i ein periode har slite med å koma særleg under ni minuttar. Men han har enno eit stykke fram til bestetida si på 7.55. Veteranen Aase Midtgaard Skrede sette ny personleg rekord med 9.29 og har denne sesongen betre bestetida si frå 2012 med 20 sekund. Og veteranen Jan Kårbø sprang halvminuttet fortare enn han gjorde før jul.

STARTEN:  Adrian Hauge Haugland (nr. 39) tok teten frå start saman med Kristoffer Hopland (nr. 35) og Grethe Jørgensen (nr. 6).

Forholda under løpet laurdag var gode med berr veg rundt heile løypa, vindstille og nokre minusgrader. 74 deltakarar stilte til start og vel 40 av dei tok turen rundt Eikangervåg som trim utan tidtaking. 

Neste løp går laurdag 27. januar.

SESONGBESTE: Trond Austrheim sette sesongbeste med 7.54, ti sekund etter bestenoteringa si.

Vinterkarusell 2017-18, 5. løp.
Eikanger 6. januar 2018
Arr.: Eikanger IL
Fint ver, tørr veg, stille  ÷ 3-4° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Adrian Hauge Haugland            7.16
2. Kristoffer Hopland            7.34
3. Trond Austrheim            7.54
4. Kristoffer Hauge Haugland            8.00

STERKT LØP: Kristoffer Hauge Haugland sprang på 8.00, 20 sekund betre enn i debuten før jul.

5. Grethe Jørgensen            8.06
6. Johannes Hopland            8.25
7. Are Flekke            8.31
8. Bjarne Gausvik            8.34
9. Bjørn Rolland            8.40
10. Kristin Romarheim            8.43
11. Amalie Kallestad            8.48
12. Idar Odland            9.16
13. Aase Midtgaard Skrede            9.29
14. Sigmund Nævdal            9.31
15. Arve Henningsen            9.40
16. Jan Kårbø            9.46
17. Stina Nes Sjursen            9.46
18. Bjørn Mo            10.03
19. Kjell Namtveit            10.54
20. Ferdinand Wakefield            11.12
21. Markus Midtgård            11.15
22. Jahn Tommy Midtgård            11.16
23. Stein Tore Holsen Viken            11.40
24. Harald Hansen            11.46
25. Andrew Wakefield            11.55
26. Sverre Solberg            12.29
27. Karl Ole Hauge            12.38
28. Trude Austrheim            12.41
29. Sofie Romarheim            12.51
30. Sjur Øren Heggernes            12.59
31. Martin Andreas Sørå            13.27
32. Marianne Reikerås            13.34
33. Heine Hauge            16.13

PERSONLEG REKORD: Aase Midtgaard Skrede sette personleg rekord med 9.29.

Utan tid:
Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Siv Merete Fonnes, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Kari Haldorsen, Kjersti Haldorsen, Arvid Hauge, Camilla Hauge, Gunnar Hauge, Stanley  Hauge, Benedikte Helland Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Magnus Midtgård, Maren Midtgård, Sissel Mo, Daniel Norheim, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Håkon Rongved, Tony Thorsen, Grethe Titland, Adrian Hansen Toft, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Richard Toft, Åge  Toft, Alvin Wakefield, Conrad Wakefield

Neste løp:

Laurdag 27. januar 2018 kl. 15.00

Tekst og foto: Stanley Hauge

STERKT COMEBACK: Kristin Romarheim sette ny personleg rekord med 8.43.

I FRAMGANG: Are Flekke sprang på 8.31 og viste fin framgang. Det beste han har gjort på eit par sesongar.

UNDER TI MINUTTAR: Jan Kårbø sprang under ti minuttar for første gong denne sesongen. Stine Nes Sjursen gjorde på ny eit fint løp på 9.46, sju sekund etter sesongbeste.

FINT DRIV: Jahn Tommy Midtgård og Markus i fint driv inn mot mål. 

GODT LØP: Ferdinand Wakefield debuterte på tid og kom i mål på 11.12.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline