Unggutar på ny best i karusellen

Postet av Eikanger Idrettslag den 27. Jan 2018

Unggutane Adrian Hauge Haugland og Kristoffer Hopland toppa for andre løp på rad resultatlista frå vinterkarusellen på Eikanger.

Hauge Haugland (f. 2000) frå Bøvågen tok andre sigeren sin, denne gongen på tida 7.28. Kristoffer Hopland vart nummer to på 7.34, same tid som for tre veker sidan. Han kutt dermed avstanden til vinnar frå 18 til seks sekund.

VINNAR FOR ANDRE GONG: Adrian Hauge Haugland vann for andre gong på rad vinterkarusellen.

NÆRMARE VINNAREN: Kristoffer Hopland tok andreplassen også denne gongen, men hadde kutta mykje ned på avstanden til vinnaren.

På tredjeplass kom veteranen Øivind Bernes som sesongdebuterte med 7.47. Ein annan veteran, Anders Eidsnes, tok fjerdeplassen på 7.52.

FOR 33. GONG: Grethe Jørgensen tangerte bestetida si i karusellen, og var for 33 . gong raskaste kvinne. 

Grethe Jørgensen var for 33. gong raskaste kvinne. Ho tangerte bestetida si på 7.55 som ho sette i løpet 25. november. Med litt gunstigare forhold med litt varme i lufta kjem ho sikker til å betra denne tida. Kristin Romarheim var nest raskaste kvinne med 8.35 som var personleg rekord for henne.

Terje Eidsnes som toppar lista over flest startar i karusellen, deltok for fjerde gong denne sesongen og runda med det 260 startar. Ein annan trufast deltakarar er trimmaren Inge Leknes som deltek utan tid. Han runda 100 startar på laurdag. I alt er det no 30 personar som har passert denne milepålen. Tidlegare denne sesongen, ved løpet 16.12.2017, kom Bjarne Gausvik opp i 100 startar.

69 personar deltok i den 6. karusellen for sesongen. Forholda var litt sure med kald vind og nokre plussgrader som til saman kjendes ut som fleire minusgrader. Det neste løpet på Eikanger går laurdag 17. februar.

SPURTDUELL: Yngstemann, Markus Midgård, var raskast i spurtduellen med veteranen Kjell Namtveit. 

Vinterkarusell 2017-18, 6. løp.
Eikanger 27. januar 2018
Arr.: Eikanger IL
Opphald, litt snø i delar av løypa, kald vind  + 4-5° C, kjendes ut som langt under null. 

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Adrian Hauge Haugland            7.28

2. Kristoffer Hopland            7.34

3. Øivind Bernes            7.47

4. Anders Eidsnes            7.52

5. Grethe Jørgensen            7.55

6. Stein Tore Vinterstø            8.02

7. Knut Magne Hauge            8.05

8. Kristoffer Hauge Haugland            8.15

9. Johannes Hopland            8.21

10. Einar Skrede            8.28

11. Kristin Romarheim            8.35

12. Idar Odland            9.01

13. Arve Henningsen            9.36

14. Terje Eidsnes            9.46

15. Stina Nes Sjursen            9.53

16. Jan Kårbø            10.07

17. Gunnar Hauge            10.13

18. Ida Herland Sæthre            10.26

19. Adrian Hansen Toft            10.32

20. Sunniva R. Eidsnes            10.38

21. Markus Midtgård            10.58

22. Kjell Namtveit            10.58

23. Jahn Tommy Midtgård            10.59

24. Sebastian Bø            11.20

25. Silje Nes Sjursen            11.21

26. Daniel Norheim            11.22

27. Harald Norheim            11.23

28. Frode Sjursen            11.24

29. Sofie Romarheim            11.41

30. Stein Tore Holsen Viken            11.54

31. Ingunn Kvalsvik            12.03

32. Helene  Algrøy            12.38

33. Marita Algrøy            12.39

34. Sverre Solberg            12.51

35. Anita Lekva             14.03

35. Arve Lekva            14.03

Utan tid:
Jonas Algrøy, Benjamin Algrøy, Fredrik Bechmann, Dordi Bø, Hanne R. Eidsnes,  Miriam R. Eidsnes,  Sondre R.  Eidsnes,  Espen Enertoh,  Arne Fonnes,  Kirsten Fonnes,  Siv Merete Fonnes,  Bente E. Fyllingsnes,  Jan S. Fyllingsnes,  Venke Fyllingsnes,  Arvid Hauge,  Sofie Haugland Hauge,  Benedicte Helland Haukås,  Marcus Helland Haukås,  Michelle Helland Haukås,  Katrine Hopland,  Leif Bjørnar Hopland,  Alf  Høyland,  Margrethe Høyland,  Bjarte Larssen,  Inge Leknes,  Olai Nepstad,  Jan Erik Odland,  Solveig Odland,  Olav K. Romarheim,  Aase Midtgaard Skrede,  Liam Hansen Toft,  Monica Toft,  Åge  Toft

Neste løp:

Laurdag 17. februar 2018 kl. 15.00

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc