Karuselløp på Eikanger laurdag 17. februar

Postet av Eikanger Idrettslag den 11. Feb 2018

Laurdag 17. februar går det sjuande løpet i Eikanger IL sin vinterkarusell for sesongen 2017-18. Starten er som vanleg ved Eikanger skule med påmelding frå litt før kl. 14.30.

Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta på trimrunden straks dei har meldt seg på. For alle som skal springa på tid går starten presis kl. 15.00.

Løpsdatoar
Løpsdatoane for løpa som står att denne sesongen er  17. februar, 10. mars og 7. april.

Startkontingent – nye prisar denne sesongen 
Startkontingenten er kr 50,- for vaksne,  kr 25,- for born til og med 15 år, og  familiekontingent kr 90,- (samla for vaksne og born til og med 15 år).

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.

 – Løpet er ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna. Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. Om du ikkje har vore med før  denne sesongen, kan du framleis sikra deg medalje ved å delta i dei tre siste løpa.

For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. Det vert også trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline