Jørgensen i fin framgang

Postet av Eikanger Idrettslag den 17. Feb 2018

Grethe Jørgensen sette personbeste med 7.49 i karusellen på Eikanger laurdag. Ho er no 5. raskaste kvinne nokon gong i karusellen. 

Den unge veteranen frå Radøy, i klasse KV 40-44, har betra bestetida si med 18 sekund denne sesongen. I alle løpa frå i fjor haust har ho vore raskare enn 8.07-rekorden sin frå oktober 2015. Rekordforbetringa denne gongen var på seks sekund.

STARTEN: Anders Eidsnes (nr. 43) og Ove N. Morken (nr. 22) i teten ut frå start. 

Forholda laurdag var bra med berr veg mest heile løypa, men dei første og siste 50 meterane nærast skuleplassen gjekk på is og sørpe. Så kanskje kuttar Grethe endå nokre sekund av rekorden sin i komande løp.

VINNAR: Helge Eidsnes debuterte med tida 7.07 og vann klart. 

Aller raskast i den sjuande karusellen var Helge Eidsnes på tida 7.07. 18-åringen frå Jæren, med solide slektsrøter til Eidsnes, debuterte i karusellen. Han har solid treningsgrunnlag frå triatlon.

NY PERSONBESTE: Vebjørn Haugsdal tok andreplassen på ny personbeste på 7.20.

Vebjørn Haugsdal på andreplass betra bestetida si frå desember 2016 med 29 sekund. Hopland-brørne, Kristoffer og Johannes, sette begge personbeste med seks sekund. Kristoffer (f. 2003) vart nummer tre på 7.28 og Johannes (f. 2005) vart nummer 8 med 8.12. Framgangen lovar godt framfor banesesongen seinare i år.

SPENT PÅ TIDA: Kristoffer Hopland er spent på tida – det vart ny personbeste med 7.28. Og Philip Morken kom rett bak på 7.29 – også ny bestetid for han.

Philip Morken (f. 2004) sette fin ny personbeste med 7.29, som var 14 sekund forbetring. Ei rekkje veteranar kunne gle seg over sesongbeste. 

KARUSELLVETERAN: Gunnar Hauge deltok for 150. gong.

Gunnar Hauge, som var den som starta vinterkarusellen i 1979, deltok laurdag for 150 gong.

65 personar stilte til start midt under OL-hopprennet, og ein del hadde også valt skibakkane framfor karusellen denne gongen, fekk arrangøren høyra.

Det er to karuselløp att denne sesong, 10. mars og 7. april.

FØRSTE SVING: Anders Eidsnes i tet føre Philip Morken og Ove Morken. 

Vinterkarusell 2017-18, 7. løp.
Eikanger 17. februar 2018
Arr.: Eikanger IL
Opphald, berr veg, vindstille, + 3-4° C.

  «Brua rundt», ca. 2 150m
1. Helge Eidsnes            7.07
2. Vebjørn Haugsdal            7.20
3. Kristoffer Hopland            7.28
4. Phillip Morken            7.29
5. Anders Eidsnes            7.33
6. Ove Normann Morken            7.44
7. Grethe Jørgensen            7.49
8. Johannes Hopland            8.12
9. Bjørn Rolland            8.23
10. Jahn Tommy Midtgård            8.25

NY PERSONBESTE: Johannes Hopland betra bestetida si med seks sekund.

NYTT FLOTT LØP: Amalie Kallestad var to sekund etter bestetida si i eit nytt sterkt løp.

11. Amalie Kallestad            8.46
12. Idar Odland            9.04
13. Are Flekke            9.16
14. Sigmund Nævdal            9.24
15. Arve Henningsen            9.30
16. Jan Kårbø            9.40
17. Terje Eidsnes            9.45
18. Olav Alme            9.54
19. Gunnar Hauge            10.05
20. Adrian Hansen Toft            10.09
21. Øyvind G. Oppedal            10.22
22. Mats Johan G. Oppedal            10.23
23. Kjell Namtveit            10.54
24. Håvard Andre G. Oppedal            12.18
25. Margunn G. Oppedal            12.19
26. Anna Ansnes Færø             12.29
27. Gustav Ansnes Færø             14.38
28. Mette Ansnes            14.40
29. Daniel Norheim            15.27
30. Bjørn Mo            15.28

Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Hanne R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Kristina Erdal, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Alexander Gausvik, Bjarne Gausvik, Jan Helge Gausvik, Arvid Hauge, Stanley  Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Alf  Høyland, Vegard Kvestad, Inge Leknes, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Reinhard Toft, Åge  Toft, Magnus Ådnanes, Martin Ådnanes

Neste løp:
Laurdag 10. mars 2018 kl. 15.00

FRAMGANG: Bjørn Rolland i mål på 8.23. Og Jahn Tommy Midtgård inn på 8.25, men har eit stykke ned til bestetida si på 7.27 frå 1993.

UNGE TALENT: Olav Alme (over) og Adrian Hansen Toft (under) spring fort for alderen.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc