Karusellfinale på Eikanger laurdag 7. april

Postet av Eikanger Idrettslag den 26. Mar 2018


Laurdag 7. april vert det karusellfinale på Eikanger med premieutdeling for sesongen 2017/18. Løpet startar som vanleg kl. 15.00, med påmelding frå litt før kl. 14.30.

Straks etter dette 9. løpet i vinterkarusellen startar premieutdelinga. Alle som har delteke i minst tre løp får medalje. 87 personar har tre eller fleire startar og har dermed alt sikra seg medalje. 38 personar står med to startar og kan sikra seg medalje ved å delta i det siste løpet.

Sjekk kor mange startar du har denne sesongen
(pdf-fil)

Premieringa er slik:

3-4 startar – bronse
5-7 startar – sølv
8-9 startar – gull

Mange startar
Ein del deltakarar skal også ha premie for å ha passert milepålar som 30, 75, 100 og 150 startar i karusellen. I år er det 5-7 personar som passer 30 startar, ein kan oppnå 75, 2-3 kan passera 100 startar og to veteranar har passert 150 startar.

 Dei to som får premie for 150 startar er: Åge Toft og Gunnar Hauge. For 100 startar vert det premie til Bjarne Gausvik og Inge Leknes.

Desse fem får premie for 30 startar: Arild Tverranger, Malin Marthinussen, Katrine Hopland, Hanne R. Eidsnes og Solveig Odland. Marcus Helland Haukås og Jan Erik Odland står med 29 startar og kan sikra seg 30-startpremie ved å delta i siste løpet.

Startkontingent 
Startkontingenten er kr 50,- for vaksne,  kr 25,- for born til og med 15 år, og  familiekontingent kr 90,- (samla for vaksne og born til og med 15 år).

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.

 – Løpet er ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna. Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.