Sterk Færø-innsats i terreng-NM

Postet av Eikanger Idrettslag den 7. Apr 2018

Jo Harald Færø vann NM-gull i terrengløp i klassen for menn veteran 1, og Einar Færø tok sølv i klassen for menn veteran 6.

Ved meisterskapen som vart arrangert i Mjeldalen på Osterøy laurdag, tok også Sara Rebekka Færø Linde gull klasse veteran 1 for kvinner. Halfdan Emil Færø vart nummer fem i klassen for menn senior. 

Jo Harald og Einar stiller for Eikanger IL, medan Sara Rebekka og Halfdan Emil representerer Varegg fleridrett.

I den 3 km lange løypa fekk Jo Harald tida 10.11,5 og var over 18 sekund føre nummer to. Einar noterte 11.49,2 og var åtte sekund etter vinnaren.

Halfdan Emil sprang 3 km på 9.09,5 og var med det 11.4 sekund etter vinnaren, men han var berre 1,4 sekund frå tredjeplassen. 

Sara Rebekka sprang 2 km på 7.28,3 og vann ein klar siger. 

Me gratulerer med flotte resultat.

Resultatlister

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.