Færø-gjeng i flott form

Postet av Eikanger Idrettslag den 13. Okt 2018

STARTEN: Bertine-Helene Færø (nr. 42) la seg frmest i feltet ut frå start saman med brørne Magnus-Johan (41) og Jo-Harald (40). 

Bertine-Helene Færø gjorde eitt av dei beste løpa sine i vinterkarusellen på Eikanger laurdag. På tida 7.29 var ho klart best av kvinnene. I herreklassen vart det ein ny duell mellom brørne Jo-Harald og Magnus-Johan Færø. Også denne gong var Jo-Harald raskast i spurten.

Under dei litt tunge forholda med regn heile tida, var det mange sterke løp som vart presterte. Fleire løparar sette personbeste i karuselløypa.

STERKT LØP: I dei tunge forholda laurdag gjorde Bertine Helene Færø eit av dei beste løpa sine på Eikanger. 

Bertine-Helene Færø var sju sekund etter bestenoteringa si frå 2011, og det er berre søstera Sara-Rebekka Færø Linde som har sprunge fortare.

DUELL: Det vart ein ny duell mellom Jo-Harald og Magnus-Johan Færø. På ny var Jo-Harald litt raskare i spurten.

Jo-Harald skaffa seg ei luke til Magnus-Johan omtrent der dei runde siste bakketoppen. Magnus Johan greidde aldri å tetta den, sjølv om han nærma seg litt dei siste meterane. Men han kunne i alle fall gle seg over ny personbeste i løypa med 6.45, sekundet raskare enn før. 

FRAMGANG: Sverre Johansen betra bestetida si frå 2013 med heile 24 sekund.

På tredjeplass kom veteranen Sverre Johansen (f. 1976) som med 7.26 betra bestetida frå 2013 med 24 sekund. Ein suveren personforbetring stod Nikolai Færø for på tida 8.02, heile 53 sekund betre enn det beste han har gjort før.

RASKE JENTER: Ei gjeng jenter leverte flotte løp i karusellopninga. Den yngste, 12-årige Amalie Kallstad (fremst her), var den raskaste. Men Ida Nes Sjursen , like bak Amalie, imponerte med å betra bestetida si med 48 sekund.

Fleire jenter synte også  solid framgang. 17-årige Ida Nes Sjursen noterte 8.51 som var 48 sekund betre enn ho hadde i november i fjor. Like bak henne på 8.54 kom 13-årige Ida Herland Sæthre som dermed var 46 sekund raskare enn for eitt år sidan. Hedda Eikanger, også ho 13 år, kutta ti sekund av si gamle betetid og kom i mål på 9.00. Men alle desse måtte sjå seg slått av 12-årige Amalie Kallestad som sprang på 8.49.

DEBUTANT: Gaute Sørli Verlo (nr. 69) debuterte med 8.41, sterkt gjort av ti-åringen. Rett bak han kjem Cato Sperrevik (113) som sprang utan tidtaking og Idar Odland (71) som sprang på 8.46 – rett bak bestetid si.

I alt stilte 63 personar til start i dette første karuselløpet for sesongen. Eit godt oppmøte på tampen av haustferien og i det regntunge veret. Det neste løpet på Eikanger går laurdag 3. november.

IMPONERTE: Nikolai Færø imponerte med tida 8.02, ei rekordforbetring med 53 sekund frå oktober i fjor.

Vinterkarusell 2018-19, 1. løp.
Eikanger 13. oktober 2018
Arr.: Eikanger IL
Regn, stille,  + 11-12° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Jo-Harald Færø            6.44
2. Magnus-Johan Færø             6.45
3. Sverre Johansen            7.26
4. Bertine-Helene Færø            7.29
5. Nikolai Færø            8.02
6. Grethe Jørgensen            8.09
7. Einar Skrede            8.17
8. Atle Austrheim            8.29
8. Arvid Hauge            8.29
10. Gaute Sørli Verlo            8.41

Idar Odland             8.46
Amalie Kallestad            8.49
Stina Nes Sjursen            8.51
Ida Herland Sæthre            8.54
Nils Rune Sæthre            8.54
Kirill Eikanger            8.56
Eskil Sørli Verlo            8.58
Hedda Eikanger            9.00
Alf Fjellstad            9.05
Jan Kårbø            9.26
Arve Henningsen            9.30
Valentina Dimitrova            9.31
Merethe M. Odland            9.47
Adrian Hansen Toft            9.53
Aase Midtgaard Skrede            9.55
Silje Nes Sjursen            10.33
Frode Sjursen            10.39
Asbjørn Eidsheim            10.48
Liam Hansen Toft            11.21
Richard Toft            11.22
Sverre Solberg            11.23
Stein Tore Holsen Viken            11.38
Anna Ansnes Færø            11.53
Sivert Nytun Schulstad            13.02
Martin Nytun Schulstad            13.57
Astrid Nes Sjursen            14.08
Valborg Nes            14.09
Gustav Ansnes Færø            16.28

Utan tid:
Mette Ansnes, Leiv Eidsnes, Bjarte Eikanger, Frida Eikanger, Magnus Elvik, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Helga Marit Færø, Stanley  Hauge, Steinar Haukås, Bente Herland, Alf  Høyland, Inge Leknes, Kathrine Namdal, Torben Namdal, Øyvind Namdal, Olai Nepstad, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Cato Sperrevik, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Monica Toft, Åge  Toft

Neste løp:
Laurdag 3. november kl. 15.00

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.