Helge Færø raskast for 27. gong

Postet av Eikanger Idrettslag den 15. Mai 2015


Veteranen Helge Færø var raskast i det siste løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Det er 27. gong han har kome først i mål i karusellen. Berre Harald Nygård med 30 har greidd det fleire gonger.

Det er vel seks år sidan førre gong Helge var først i mål på Eikanger, i det nest siste løpet i sesongen 2008-09 vann han på 7.22. På, laurdag var tida hans 7.26, så veteranen (f. i 1960) held forma godt. Han hatt fleire andreplassar dei siste åra.

Hardast pressa var han av Sara Rebekka Færø Linde (f. 1982) som han er onkel til. Ho var berre vel to sekund etter i mål. Sara Rebekka tok teten ut frå start og var tydelegvis på jakt etter løyperekorden på 7.22 i kvinneklassen. Ein kilometer ut i løpet, på brua over Eikangervågen, leia Sara Rebekka rett før Helge. Den første kilometeren gjekk unna på 3.08.



Sara Rebekka Færø Linde i tet i første sving, tett følgd av Helge Færø (nr. 43), Pål Villanger (89), Harald Marthinussen (65), Arild Myhr (53) og Olai Nepstad (38).

Om lag 400 meter før mål hadde Helge sikra seg eit forsprang på fem-seks meter, og dette heldt han og auka litt inn mot mål. Kanskje det var intervalltreninga veteranen held på med for tida, som gjorde utslaget?

I siste bakken var det litt motvind, så sjølv om det var solskin og 10-11 plussgrader var det ikkje perfekte forhold. Dermed overlevede rekorden i kvinneklassen denne sesongen.

Sara Rebekka Færø Linde har vore raskaste kvinne i karusellen 25 gonger, men ho har enno eit stykke opp til Sigrun Molland som har vore første kvinne i mål 41 gonger. Grethe Jørgensen har vore raskaste kvinne 23 gonger.



Fint comeback av Bertine Helene Færø som vart nummer seks på tida 8.06.

Eit hyggeleg comeback i det siste karuselløpet var Bertine Helene Færø som noterte 8.06 og sjette beste tid av alle. Ho deler etter denne sesongen løyperekorden med Sara Rebekka på 7.22. Kanskje det vert kamp mellom dei to Færø-søstrene om rekorden enste sesong?



Cato Sperrevik (nr. 90) og Kirsten Rongved (36) spurtar mot mål, medan andre i denne gjengen har delteke utan tidtaking.


Fleire løparar nytta det siste løpet til å setja sesongbeste, og enkelte også personlege bestenoteringar. Kristoffer Nilsen Apelthun (f. 2003) pynta på nytt på si bestetid og fekk notert 8.17. Imponerte gjorde ikkje minst knapt niårige Idar Odland med tida 9.37.

Vinterkarusell 2014-15, 10. løp.
Eikanger 18. april 2015
Arr.: Eikanger IL
Klårt + 11° C.
Berr veg, tørt. Motvind ein del av løypa.

1. Helge Færø 7.26
2. Sara R. Færø Linde 7.28
3. Harald Marthinussen 7.40
4. Axel Wollan 7.41
5. Arild Myhr 7.59
6. Bertine Helene Færø 8.06
7. Kristoffer Nilsen Apelthun 8.17
8. Pål Villanger 8.21
9. Grethe Jørgensen 8.22
10. Ørjan Svendsen 8.39
11. Jon Åge Rongved 8.48
12. Jan Kårbø 9.00
13. Gunnar A. Larssen 9.07
14. Arve Henningsen 9.11
15. Terje Eidsnes 9.19
16. Egil Opsal 9.21
17. Sofie Nilssen 9.32
18. Kristoffer Hopland 9.36
19. Idar Odland 9.37
20. Johannes Hopland 9.44
21. Trine Rongved 9.56
22. Olai Nepstad 10.00
23. Håkon Rongved 10.01
24. Merethe M. Odland 10.02
25. Kjell Namtveit 10.26
26. Amalie Kallestad 10.27
27. Harald Hansen 10.45
28. Sverre Solberg 10.55
29. Sunniva R. Eidsnes 11.34
30. Anders Eidsnes 11.37
31. Magnus Elvik 12.21
32. Margrethe Alme 12.33
33. Kirsten Rongved 12.44

Utan tid:
Hallgeir Alme, Rakel Alme, Renate Alme, Marita Børdal, Malaika Børresen, Fredrik Børtveit, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Kåre Eide, Signe Eide, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Stanley Hauge, Brit Lillian Melseter Haukås, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Benjamin Helgesen, Sebastian Helgesen, Andreas Hopland, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Bente Larssen, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Frida Færø Linde, Live Færø Linde, Lorentz Linde, Ludvig Færø Linde, Hilde Marthinussen, Jonas Marthinussen, Malin Marthinussen, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Cato Sperrevik, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Mads Takvam, Tony Thorsen, Grethe Titland, Åge Toft

I alt 80 deltakarar.

Tekst og foto: Stanley Hauge