Sommarkarusell i friidrett måndag 15. juni

Postet av Eikanger Idrettslag den 8. Jun 2015




Måndag 15. juni kl. 18.30 vert det sommarkarusell i friidrett for gutar og jenter på Ostereidet. Ver obs på at stemnet går måndag og ikkje som tidlegare år om tysdagane.

På stemnet 15. juni vert det øvingane 60m, lengde og ballkast både for jenter og gutar.

Alle frå 7-8 år og oppover er velkomne til å delta.

Det vert påmelding frå kl. 18.00 og fram til start.
Startkontingent kr 20,00 uansett kor mange øvingar du er med på.

Det er flott om foreldre som er med borna, kan vera med å hjelpa til med avviklinga av stemnet.

Me har også lagt opp til to stemner til hausten. Det vert måndag 24. august kl. 18.30 og onsdag 9. september kl. 18.00.

Oversikt over alle stemnene med øvingar, sjå: Sommarkarusell2015-nett.pdf



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc