Orienteringsløp på Hopsdal

Postet av Eikanger Idrettslag den 18. Jun 2015

Anders Eidsnes og Leiv Eidsnes var raskast i kvar sin klasse ved det siste orienteringsløpet før ferien. Løpt vart arrangert på Hopsdal 8. juni. Anders var best i mellomlang løype for menn H17. Leiv var best i mellomlang løype for menn H50.

Ein Krossøy-gjeng som også representerer Eikanger IL, hevda seg godt i fleire klassar.

I jenter D10 kort løype vart Johanna Krossøy nummer to. I gutar H10 kort løype vart Erlend Krossøy nummer tre. Og i gutar H10 mellomlang løype vart Pål Krossøy nummer fire.

Det første løpet i haustsesongen vert måndag 24. august på Lindås.

Tekst: Stanley Hauge



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc