Langt ballkast og gode lengdehopp

Postet av Eikanger Idrettslag den 22. Jul 2015



Jenter i tiårsklassen i aksjon på 60m.

Kristoffer Hopland imponerte med lange ballkast og fleire gutar og jenter oppnådde fine resultat i lengde og på 60 m i sommarkarusellen på Ostereidet 15. juni.

Elleve jenter og seks gutar i alderen seks til 12 år deltok i dette første karusellstemnet. Øvingane var 60m, lengde og kast med liten ball.

Deltakarane viste stor iver og innsats. Fine resultat vart oppnådde og endå betre kan det verta når jentene og gutane får øvd inn litt meir teknikk.

Det vert to karusellstemner til hausten, det første 24. august og det andre 9. september.

Resultat, sjå: Sommarkarusell-15.6.2015.pdf



Jenter i 9-årsklassen på 60m.



Jenter 12 år på 60m.



Gutar 10-12 år på 60m.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc