Ein heidersmann i idrett og handel er gått bort

Postet av Eikanger Idrettslag den 6. Aug 2015




Møbelhandlaren og idrettsmannen Olav A. Fyllingsnes frå Eikangervåg døydde 19. juli om lag 75 og eit halvt år gamal. 28. juli vart han etter samling i Ostereidet kyrkje gravlagd ved Hjelmås kapell.

Møbelhandlaren
Praktisk tala heile sitt yrkesaktive liv har Olav vore i møbelbransjen. Medan han arbeidde hjå Georg Eknes på Eknes starta han som møbelseljar på fritida. Etter nokre år vart møbelsalet fulltidsjobb og han etablerte eige firma. Fyllingsnes Møbelsevice var i 1979 eitt av dei første firmaa som etablerte seg i Knarvik senter. Og då butikken, no under namnet Fagmøbler – Fyllingsnes Møblar, voks ut av lokala der vart det flytting til Fossbygget på sørsida av E39 i Knarvik. Roleg, sindig og tillitsvekkjande var Olav alltid klar til å ta imot kundane – service var varemerket hans.

Starta Eikanger IL
Tolv og eit halvt år gamal var Olav ein av ti gutar som 1. mai 1952 skipa Eikanger idrettslag. Han utmerka seg snart i fleire idrettar. Først og fremst i friidrett og på skeiser. Han var også ivrig friluftsmann og hjortejeger.

Allsidig
Det var særleg i kastøvingane Olav hevda seg, men han hadde også flotte resultat i stavhopp og lengde. Med resultat som 44,25 i sleggje, 39,49 i diskos og 13,20 i kule ville han også no ha hevda seg mellom dei beste i Hordaland. Han presterte også 6,38 i lengde, 3,41 i stavhopp, 1,68 i høgde og 12,82 i tresteg.

KM-titlar vann han både som junior, senior og veteran. I Eikanger IL har han framleis klubbrekorden i diskos med 39,49.

På skeiser var han mellom dei beste her i distriktet med personlege rekordar som 46,5 på 500m og 2.32,5 på 1500m – begge oppnådde på Vikavatnet i 1963.

Leiar
I fire år på 1960-talet var Olav leiar i Eikanger IL. Han var også ein av dei ivrigaste til å stilla opp i dugnadsarbeid for laget. I 1977 var han mellom dei fem første som vart tildelt Eikanger IL sitt heidersteikn.

Det gledde Olav at sonen Håkon følgde i yrkessporet hans og overtok ansvaret for drifta av møbelbutikken. Olav sjølv heldt fram med å arbeida der så lenge helsa tillet det. Dei siste åra vart det gradvis mindre. Søndag 19. juli sovna han inn med familien samla kring seg.

Minnesamvær
Etter gravferda var over hundre personar samla til minnesamvær i Hagellia Matstove. Det vart ei god stund der naboar og vener mintest Olav og viste omsorg og medkjensle med kona Solveig, borna Håkon og Monica og familiane deira.

«Takk, du heidersmann i idrett og handel», stod det på sløyfa på kransen frå Eikanger IL. Det er slik me minnest deg, Olav. Kvil i fred!

Oversikt over Olav sine personlege rekordar (pdf-fil)

Stanley Hauge - 6. august 2015



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc