Sommarkarusell friidrett måndag 24. august kl. 18.30

Postet av Eikanger Idrettslag den 18. Aug 2015



Måndag 24. august kl. 18.30 vert det sommarkarusell i friidrett for gutar og jenter på Ostereidet. Ver obs på at stemnet går måndag og ikkje som tidlegare år om tysdagane.

På stemnet 24. august vert det øvingane 60m og lengde både for jenter og gutar. For klassane 8-10 år vert det også 300m og for klassane 11-14 år 600m. også dette både for gutar og jenter.

Alle frå 7-8 år og oppover er velkomne til å delta.

Det vert påmelding frå kl. 18.00 og fram til start.
Startkontingent kr 20,00 uansett kor mange øvingar du er med på.

Det er flott om foreldre som er med borna, kan vera med å hjelpa til med avviklinga av stemnet.

Me har også lagt opp til eitt stemne til i haust. Det vert onsdag 9. september kl. 18.00.

Oversikt over alle stemnene med øvingar, sjå: Sommarkarusell 24. aug.pdf
og Sommarkarusell2015-haust2-nett.pdf

Tekst og foto: Stanley Hauge



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc