Sommarkarusell på Ostereidet onsdag 9. september kl. 18.00/18.30

Postet av Eikanger Idrettslag den 6. Sep 2015



Onsdag 9. september kl. 18.00 vert det sommarkarusell i friidrett for gutar og jenter på idrettsbana på Ostereidet.

På brosjyren som er delt om stemnet 9. september og på plakat, er starttidspunktet for stemnet oppgjeve både til 18.00 og 18.30. Planen er at det skal starta kl. 18.00, men alle får vera med om dei kjem til kl. 18.30.

På stemnet vert det øvingane 60m, kule (evt ballkast) og høgde eller lengde (avhengig av verforholda) både for jenter og gutar.

Alle frå 7-8 år og oppover er velkomne til å delta.

Det vert påmelding frå kl. 17.45 og fram til start.
Startkontingent kr 20,00 uansett kor mange øvingar du er med på.

Det er flott om foreldre som er med borna, kan vera med å hjelpa til med avviklinga av stemnet.


Stanley Hauge 6. september 2015



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc