Sandvolleyballturnering på Ostereidet søndag 13. september

Postet av Eikanger Idrettslag den 6. Sep 2015



Eikanger Idrettslag ynskjer velkomen til uhøgtidleg sandvolleyballturnering og grilling 13.09.15, kl.13.00 på Ostereidet.

(Påmelding kl.12.00).
Aldersgruppe for å delta i turneringa er frå 8. klasse, men familiar med yngre born er velkomne til å heie, grille og ha det kjekt.

Laga skal vere miksa (hokjønn – hankjønn) og 5 på kvart lag der den eine er innbytar. Me oppmodar ungdomskuleklassar, byggjefelt, bygdelag, natteravnarar, kyrkje, yrkeslag og alle andre til å delta og skape moro med idrett denne dagen. Om vêret er dårleg, blir turneringa flytta innandørs.

Kiosken vil vere open med sal av vaflar og is. EIL stiller med grillar, ta med eigen grillmat.

Å delta på turneringa er gratis. Premie til beste lag!

Helsing
Styret i Eikanger Idrettslag

Plakat sandvolleyballturnering.pdf



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc