Eikangerløpet søndag 27. september kl. 15.00

Postet av Eikanger Idrettslag den 18. Sep 2015



Startfeltet i Eikangerløpet 2014. 24 personar stilte til start, fleire enn på lenge.

Eikangerløpet, 5000m på bane, vert arrangert på Ostereidet søndag 27. september kl. 15.00. Løpet vert i år arrangert for 36. gong.

Er du deltakar i trim- og mosjonsløp og har lyst til å testa forma di også i baneløp, kan 5000m på Ostereidet vera eit fint høve. Løpsforholda på grusbana er gode så sant veret er ok.

Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 24 deltakarar.

Løpsrekorden har Harald Nygård med 15.25,8 frå 1992. Nygård har vunne løpet heile 13 gonger – seinast i 2005. I fjor vann Halfdan Emil Færø på tida 15.28,8.

I dameklassen er det Bertine Helene Færø som har rekorden med 18.51,3 frå 2010. Flest sigrar mellom damene har Sara Rebekka Færø Linde med sju. Ho vann også i fjor, berre 0,5 sekund frå rekorden til søstera.

Arvid Hauge har vore med alle 35 gongene løpet er skipa til, og Inge Nævdal 32 gonger. Elles har Sverre Solberg 22 startar, Gunnar Hauge 20, Sigmund Husdal og Sigmund Nævdal 19.

I tillegg til premiering av dei beste i dame- og herreklassen, er det premie for 1. gongs deltaking, og når ein har delteke 3 gonger, 5 gonger, 10 gonger, 20 gonger og 25 gonger.

Startkontingent kr 50,00. Påmelding frå ca. kl. 14.15.

Oversikt over deltakarar Eikangerløpet 1979-2014.pdf

Vinterkarusellen 2015-16
Første løpet i vinterkarusellen 2015-16 vert laurdag 10. oktober kl. 15.00. Opphaveleg hadde me planlagt første løpet til 17. oktober, men på grunn av Gladihaug opp vert arrangert denne dagen vert det endring.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc