Ny rekord i Eikangerløpet av Halfdan Emil Færø

Postet av Eikanger Idrettslag den 27. Sep 2015



Halfdan Emil Færø spurtar i mål til ny løpsrekord på 15.23,0.

Halfdan Emil Færø kutta vel 5 sekund av løpsrekorden til Harald Nygård då han vann Eikangerløpet søndag. Med tida 15.23,0 tok han ei klar siger.

Det var andre året på rad Halfdan Emil vann Eikangerløpet. I fjor kom han vel halvsekundet for seint til å slå løpsrekorden. Ved det løpet såg det ein runde før mål ut til at han skulle setja rekord, men ein skade han fekk i venstre foten på sisterunden hindra han.



Tre Færø-karar i tet ut frå start. Halfdan Emil fremst, følgd av Jo Harald og Magnus Johan. Slik vart også rekkjefølgja i mål.

Sterkt løp
I år sprang Halfdan Emil på ny eit jamt og sterkt løp med ei solid avslutting. Som i fjor hadde han Stoltzekleiven opp i beina frå dagen før. Der sprang han på 8.54, tre sekund etter fjorårstida si.

Færø-dominans
Færø-gjengen sette eit klart preg på løpet på Ostereidet søndag. Det vart tredobbelt Færø i herreklassen og søstera Bertine Helene var beste av kvinne.

Jo Harald Færø tok ein klar andreplass med 16.37,6 som var sju sekund betre enn i fjor. «Skiløpar» Magnus Johan Færø vart nummer tre på 17.25,1.

Nærast Færø-gjengen kom Bjørnar Eidsheim på 18.28,4, over minuttet raskare enn for eitt år sidan. Etter ein sterk spurtrunde kom Helge Færø på femteplass med 18.30,6, ca. 16 raskare enn i fjor.



12-årige Kristoffer Nilsen Apelthun imponerte med tida 19.47,5.

Sterke 12-åringar
12-årige Kristoffer Nilsen Apelthun deltok for tredje gong og med tida 19.47,5 betra han seg med nesten to og eit halvt minutt frå i fjor. Sterkt løp også av ein annan 12-åring, Kristoffer Hopland, som debuterte med 21.19,2. Og den to år yngre bror hans, Johannes Hopland, viste at også han har talent for lange løp – tida hans var 23.48,4.



Bertine Helene Færø var raskast i kvinneklassen med 20.11,2. Kristoffer Hopland, rett bak henne, har ein runde att.

Framgang
Bertine Helene Færø si vinnartid i kvinneklassen var 20.11,2 som var over halvminuttet betre enn ho oppnådde i fjor.

Forholda ved årets løp var tørr bane, medan det i fjor var vått og enkelte dammar på bana.

Deltakinga
21 løparar stilte til start i det 36. Eikangerløpet. Seks av deltakarane var med for første gong.



Sigmund Nævdal deltok for 20. gong i Eikangerløpet, det kvalifiserte til stor pokal!

Flittig deltakar
Sigmund Nævdal fekk premie for å ha delteke i 20 Eikangerløp, og Jo Harald Færø fekk premie for ti startar.

Eikangerløpet 2015.
Ostereidet idrettsbane 27.9.2015
Arr.: Eikanger IL
Skya og solgløtt, +13-14° C, vindstille
Tørr bane.

5000m menn

1. Halfdan Emil Færø (1991), IL Varegg 15.23,0
2. Jo Harald Færø (1983), Eikanger IL 16.37,6
3. Magnus Johan Færø (1995) Eikanger IL 17.25,1
4. Bjørnar Eidsheim (1968), Eikanger IL 18.28,4
5. Helge Færø (1960), AKS 77 18.30,6
6. Arild Austrheim (1956), Austrheim IL 19.35,4
7. Axel Wollan (1993) 19.45,9
8. Kristoffer Nilsen Apelthun (2003), AKS 77 19.47,5
9. Are Flekke (1996), IL Norna/Salhus 20.28,3
10. Kristoffer Hopland (2003), Eikanger IL 21.19,2
11. Brynjar Nordanger (1963), Eikanger IL 21.58,6
12. Sigmund Nævdal (1958) 22.02,5
13. Johannes Hopland (2005), Eikanger IL 23.48,4
14. Arve Henningsen (1972) 24.09,0
15. Geirmunn Aarland (1962) 25.41,2
16. Sverre Solberg (1952), AKS 77 25.41,3
17. Magnar Taule (1959) 27.32,8

5000m kvinner
1. Bertine Helene Færø (1992) 20.11,2
2. Grethe Jørgensen (1975) 21.01,5

Tekst og foto: Stanley Hauge

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.