Karusellstart på Eikanger laurdag 10. oktober

Postet av Eikanger Idrettslag den 5. Okt 2015



Laurdag 10. oktober går det første løpet i Eikanger IL sin vinterkarusell 2015-16. Det vert fire løp før nyttår og seks frå nyttår til over påske.


Karusellen har start og mål ved Eikanger skule. Løypa på ca. 2,2 km går rundt Eikangervågen – populært kalla «Brua rundt».

Ti løp
Eikanger IL har lagt opp til i alt karuselløp. Løpsdatoane før nyttår er: 10. oktober, 7. november, 28. november og 19. desember.

Første løp etter nyttår vert laurdag 9. januar, deretter 30. januar, 20. februar, 12. mars, 2. april og 23. april.

Alle løpa går laurdags ettermiddag og starten er presis kl. 15.00.

Startkontingent
Vaksne: kr 40,00 per løp.
Born til og med 15 år: kr 20,00 per løp.
Familie (foreldre/føresette og born t.o.m. 15 år): kr 70,00

Fin trim
Vinterkarusellen er slett ikkje berre for dei som vil springa fortast mogleg rundt Eikangervågen. Over halvparten av dei som deltek tek som regel turen som trim utan tidtaking. Deltakarane er i alle aldrar, frå dei knapt kan gå til godt opp i pensjonsalderen.

Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får premie. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og 150 og 200 startar. Ved kvart løp vert også trekt ut premiar på startnummer til om lag ti prosent av deltakarane.

Litt historie
I år er det 37. sesongen på rad Eikanger IL arrangerer vinterkarusell.

282 løp har vore avvikla sidan første løpet i desember 1979. 16 501 startar er registrerte på 36 sesongar. I førre sesong var det 713 startar på ti løp.



Terje Eidsnes har delteke i 239 av dei 282 vinterkarusellane som har vore arrangerte.

Flest løp før årets sesong har Terje Eidsnes 239, Sverre Solberg 231, Steinar Haukås 226, Alf Høyland 216, Sigmund Nævdal 210, Arvid Hauge 209, Leiv Eidsnes 204, Anders Eidsnes 170, Jan Kårbø 166 og Sverre Låstad 158.

Tone Sperrevik og Venke Fyllingsnes begge med 115 startar, Grethe Titland 113, Margrethe Høyland 103 og Marith Haugen 99 er dei kvinnene som har delteke flest gonger.

I alt har 24 personar over 100 startar kvar.

Løyperekord
Løyperekorden har Halfdan Emil Færø med 6.04 frå 16. mars 2013. Svein Roar Kvamme er nest raskast med 6.05 frå 1. november 2014.

Best tid i dameklassen har Bertine Helene Færø med 7.22 frå 19. februar i 2011. Denne rekorden vart tangert av søstera, Sara Rebekka Færø Linde, i løpet 28. mars i år.

Flest sigrar
To personar, Arvid Hauge og Steinar Haukås, har vore med i eitt eller fleire løp kvar einaste sesong sidan starten.

Harald Nygård med 30 sigrar toppar lista når det gjeld å vinna flest løp. Helge Færø har 27 sigrar og Atle Rød 26 . I kvinneklassen har Sigrun Molland vore raskast 41 gonger, Sara Rebekka Færø Linde 25 gonger og Grethe Jørgensen 21 gonger.

Oversikt over sesongen 2015-16 (pdf-fil)

Tekst og foto: Stanley Hauge






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc