17-årig Gneist-gut raskast på Eikanger

Postet av Eikanger Idrettslag den 7. Nov 2015


17-årige Hans Irgens Gravdal frå Gneist IL var raskast i den andre vinterkarusellen på Eikanger. Med tida 6.13. slo han løyperekordhaldar Halfdan Emil Færø med sekundet.

Fire unge mellomdistanseløparar frå IL Gneist i Blomsterdalen hadde teke turen til Eikanger for å jakta på løyperekorden til Halfdan Emil. 17-årige Hans Irgens Gravdal var den som kom nærmast, ni sekund etter rekorden.

VINNARTRIOEN: Vinnaren Hans Irgens Gravdal i midten, med andremann, Halfdan Emil Færø til venstre, og Jens Åstveit på tredjeplass til høgre.

Hard kamp
Hardast kamp fekk han nettopp rekordhaldaren som fekk tida 6.14.

Halfdan Emil Færø og Hans Irgens Gravdal er to løparar nesten identiske bestetider på 3000m. Gravdal har 8.34,1 i år, medan Færø har 8.35,08. På kortare distansar er Gravdal litt raskare enn Færø. Og nett det at Irgens er litt kjappare avgjorde løpet på laurdag. Det var heilt mot slutten at han drog i frå og sikra sigeren. Det høyrer også med til historia at Færø var forsiktig med å ta teten og dra under løpet, då han gjerne vil behalda løyperekorden.

Hans Irgens Gravdal (startnr. 9) i teten ut frå start saman med Jens Åstveit (19), Halfdan Emil Færø (39) og like bak Gravdal kjem Jo Harald Færø.

Sterkt av Jo Harald Færø
På tredjeplass kom ein anna ung Gneist-gut, 18-årige Jens Åstveit, med tida 6.22. Løpet vart elles ein duell mellom Gneist og Færø-gutane. For på fjerdeplass kom Jo Harald Færø som med tida 6.31 viste betre form enn på fleire år. Han var sju sekund under tida si i førre sesong og berre fire skund etter bestetida si i karuselløypa frå 23.11.2002.

Veteranen Rolf Vabø noterte ny personleg rekord i karusellen med 7.55, medan Are Flekke like bak med 7.57 var to sekund etter bestetida si.


Solide løp
16-årige Martin Kvamme Kalnes gjorde eit sterkt løp med tida 7.04 på sjetteplass, og den to år yngre broren, Erland Kvamme Kalnes, viste også lovande takter med 7.27.

Fin framgang for Alex Wollan med 7.26. Veteranen Anders Eidsnes (f. 1973) betra bestetida si frå 1997 med eitt sekund til 7.33. Ein annan veteran, Rolf Vabø (f. 1959), notert 7.55 – sju sekund betre enn før.

Bertine Helene Færø var for 18. gong raskaste kvinne i vinterkarusellen.

Bertine Helene best på ny
Bertine Helene Færø var med 8.04 på ny raskaste kvinne, to sekund etter tida hennar i den første karusellen. – No må eg snart koma meg under åtte minuttar att, var kommentaren hennar.

Nest raskaste kvinne var 14-årige Sofie Nilssen med 9.21 som var 11 sekund raskare enn ho har greidd før. Like bak henne kom 10-årige Johannes Hopland i mål på 9.29, som for han var framgnag med 20 sekund.

Sofie Nilssen (f. 2001) betra bestetida si frå førre sesong med 11 sekund.

Gode forhold
Forholda under løpet var fine med 10-11 varmegrader i lufta, opphald og lettløpt underlag. Heile 96 personar stilte til start og av dei sprang 50 på tid. Neste løp går laurdag 28. november.

Jan Kårbø noterte 8.46 denne gongen, solid framgang frå det første løpet i haust.

Vinterkarusell 2015-16, 2. løp.
Eikanger 7. november 2015
Arr.: Eikanger IL
Skya opphald + 10-11° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Henrik Irgens Gravdal 6.13
2. Halfdan Emil Færø 6.14
3. Jens Åstveit 6.22
4. Jo Harald Færø 6.31
5. Hans Magnus Haukøy 6.51
6. Martin K. Kalnes 7.04
7. Thomas Blücher 7.16
8. Axel Wollan 7.26
9. Erlend K. Kalnes 7.27
10. Anders Eidsnes 7.33
11. Harald Marthinussen 7.39
12. Ove Normann Morken 7.41
13. Rolf Vabø 7.55
14. Are Flekke 7.57
15. Stein Tore Vinterstø 7.59
16. Kristoffer Nilsen Apelthun 7.59
17. Bertine Helene Færø 8.04
18. Kristoffer Hopland 8.23
19. Jan Kårbø 8.46
20. Kai Olav Kvamme 8.50
21. Jon Åge Rongved 8.55
22. Sigmund Nævdal 9.03
23. Gunnar A. Larssen 9.05
24. Arild Helland 9.12
25. Arve Henningsen 9.13
26. Sofie Nilssen 9.21
27. Johannes Hopland 9.29
28. Svein Cato Falkanger 9.35
29. Terje Eidsnes 9.38
30. Svein Fammestad 9.46
31. Idar Odland 9.5432. Merethe M. Odland 9.57
33. Håkon Rongved 10.04
34. Kjell Namtveit 10.05
35. Jonas Marthinussen 10.25
36. Olai Nepstad 10.34
37. Sverre Solberg 10.44
38. Sunniva R. Eidsnes 10.56
39. Margrethe Alme 10.58
40. Magnar Taule 11.01
41. Leander Haukås 11.03
42. Silje Falkanger 11.17
43. Kirsten Rongved 12.47
44. Gerd Nævdal 12.59
45. Magnus Elvik 13.17
46. Andre Midtgård Espevoll 13.25
47. Ann Kathrin Midtgård Espevoll 13.25
48. Mats Johan G. Oppedal 13.47
49. Øyvind G. Oppedal 13.48
50. Håvard Andre G. Oppedal 19.34

7.november-2015-resultat.pdf

Terje Eidsnes var med i vinterkarusellen for 240. gong i løpet laurdag 7. november.

Utan tid:
Olav Alme, Rakel Alme, Renate Alme, Fredrik Børtveit, Kåre Eide, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Nikolai Færø, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Benedikte Helland Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Renate Haukås, Steinar Haukås, Sanna Elise Haukås, Torunn Hopland, Margrethe Høyland, Ada Elise Thuve Larsen, Carl Ludvig Thuve Larsen, Inge Leknes, Hilde Marthinussen, Malin Marthinussen, Anna Lena Nævdal, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Margunn G. Oppedal, Tara Rongved, Trine Rongved, Sissel Skårnes, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Tony Thorsen, Grethe Titland, Åge Toft, John Ulveseth, Sondre Taule Vinterstø, Ina Taule Vinterstø, Mathias Taule Vinterstø

I alt 96 deltakarar.

Neste løp:

Laurdag 28. november kl. 15.00

Gunnar A. Larssen noterte 9.05.

Arild Helland (nr. 54) spurta inn på 9.12, medan Arved Henningsen like bak fekk tida 9.13.

Merete Odland i mål på tida 9.57.

To veteranar i godt driv. Håkon Rongved (nr. 105) fekk tida 10.04, medan Kjell Namtveit var sekundet etter.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc