Førjulskarusell på Eikanger laurdag 19. desember

Postet av Eikanger Idrettslag den 14. Des 2015

Laurdag 19. desember går det fjerde løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Starten går som vanleg kl. 15.00.

Ved dette førjulsløpet vert det litt utvida premiering og servering av litt julegodt! Og kanskje nokre av deltakarane stiller opp som nissar? Kanskje vert de endå fleire i nissedrakt enn i fjor? Då var det då like godt «Nissen Bolt» som vann løpet!

Det vert premie til den best kledde nissen – og til den raskaste!

Løypa er som vanleg 2,2 km rundt Eikangervågen, så det bør ein nisse fint greia som førjulstrim og opplading til meir krevjande oppgåver fem dagar seinare! Starten går som vanleg kl. 15.00.

Startkontingent
Vaksne: kr 40,00 per løp.
Born til og med 15 år: kr 20,00 per løp.
Familie (foreldre/føresette og born t.o.m. 15 år): kr 70,00

Fin trim
Vinterkarusellen er slett ikkje berre for dei som vil springa fortast mogleg rundt Eikangervågen. Over halvparten av dei som deltek tek som regel turen som trim utan tidtaking. Deltakarane er i alle aldrar, frå dei knapt kan gå til godt opp i pensjonsalderen.

Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får premie. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og 150 og 200 startar. Ved kvart løp vert også trekt ut premiar på startnummer til om lag ti prosent av deltakarane.

Oversikt over sesongen 2015-16 (pdf-fil)

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.