To nye karusellvinnarar

Postet av Eikanger Idrettslag den 19. Des 2015



Det vart to nye karusellvinnarar i førjulsløpet på Eikanger. 16-årige Martin Kvamme Kalnes var raskast av alle på 7.03. Merethe M. Odland var raskaste kvinne på 9.51.

For begge vinnarane var det første gong dei gjekk til topps i vinterkarusellen og begge noterte personlege bestetider. Martin Kvamme Kalnes var eitt sekund raskare enn i løpet for halvannan månad sidan. Merethe M. Odland var seks sekund betre enn tidlegare bestetid.

Martin Kvamme Kalnes spurtar i mål til ny personleg rekord – 7.03. Bjørnar Sæle kom på andreplass, sju sekund etter.

Bjørnar Sæle var nest best i herreklassen med tida 7.10. Dermed kutta 18-åringen heile 34 sekund av bestetida si frå 11. oktober i fjor. Han fekk også ekstrapremien som «raskaste nisse» i løpet. Til nisse å vera var han litt lettkledd for sesongen. Sjølv med vår temperatur i lufta, var det nok litt surt i spring med berre startnummer på overkroppen pluss nisselue.

LETTKLEDD NISSE: Denne lettkledde nissen sprang på 7.10 og vart nummer to og raskaste nisse. Bjørnar Sæle betra dermed bestetida si frå vel eitt år sidan med 34 sekund.


I kvinneklassen var det fem løparar som sprang rette under eller over 10 minuttar. Sofie Nilssen med 9.59 og Trine Rongved med 10.00 var dei som kom nærmast Merethe M. Odland.

Merethe M. Odland var med tida 9.51 raskaste kvinne.

Med mange nissar på plass vart det ei trivleg stund på Eikanger, trass i at det under vegs i arrangementet veksla mellom regnbyer og opphald. Men temperaturen var reint vårleg med 11.-12 plussgrader.

VETERAN OG REKRUTTAR: Veteranen Håkon Rongved noterte årsbeste med 10.05, og vart tett følgd av rekruttane Idar Odland på 10.08 og Ingrid Sæle på 10.09.



I år var det fleire enn nokon gong som stilte i løpsdrakt med eit eller anna nisseutstyr. Men to damer frå Eikanger-bygda skilde seg ut med flotte nissedrakter og kiper med gåver. Eit hyggeleg innslag under førjulsløpet. Sjølvsagt fekk dei premien for best kledde nissar. Og jammen hadde dei også med julegåver til arrangørstaben som dermed kan sjå fram til julekvelden med ekstra spenning.

77 deltakarar, ei flott blanding av born og vaksne, stilte til start i førjulsløpet. Både dei og mange fleire er velkomne att til nyttårsløpet laurdag 9. januar.

Ein heil nissegjeng var godt samla midt i feltet ut frå start.


Vinterkarusellen 4. løpet 2015-16.
Eikanger 19. desember 2015
Arr.: Eikanger IL
Regnbyer + 11-12° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Martin K. Kalnes 7.03
2. Bjørnar Sæle 7.10
3. Bjørnar Eidsheim 7.35
4. Erlend K. Kalnes 7.43
5. Tore Klanderud 7.45
6. Kristoffer Nilsen Apelthun 7.55
7. Helge Færø 7.56
8. Rolf Vabø 8.02
9. Kristoffer Hopland 8.24
10. Are Flekke 8.33

11. Svein Fammestad 8.36
12. Arne Johan Sæle 8.44
13. Brynjar Nordanger 8.44
14. Jon Åge Rongved 8.49
15. Jan Kårbø 9.17
16. Terje Eidsnes 9.31
17. Arve Henningsen 9.36
18. Merethe M. Odland 9.51
19. Sofie Nilssen 9.59
20. Trine Rongved 10.00

21. Johannes Hopland 10.04
22. Håkon Rongved 10.05
23. Idar Odland 10.08
24. Ingrid Sæle 10.09
25. Kjell Namtveit 10.13
26. Silje Falkanger 10.23
27. Svein Cato Falkanger 10.25
28. Sverre Solberg 10.37
29. Stein Tore Holsen Viken 10.57
30. Linda Klanderud 10.59

31. Sunniva R. Eidsnes 11.20
32. Anders Eidsnes 11.23
33. Olai Nepstad 11.26
34. Magnus Elvik 12.23

FLOTTE NISSAR: Desse to, damer kan me avsløra, var soleklare vinnarar av den oppsett premien til best kledde nisse. Sjølvsagt hadde nissane med seg gåver i kipene sine. Eit hyggeleg innslag under førjulsløpet.

Utan tid:

Hallgeir Alme, Margrethe Alme, Olav Alme, Renate Alme, Marita Børdal, Fredrik Børtveit, Kåre Eide, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Hugo Eikanger, David Enes, Jakob Enes, Liv Enes, Olav Enes, Viktoria Enes, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Arvid Hauge, Gunnar Hauge, Stanley Hauge, Sanna Elise Haukås, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Inge Leknes, Petter Neteland, Inge Nævdal, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Kirsten Rongved, Sebastian Rongved, Tara Rongved, Grethe Titland, Anna Ådnanes, Ingrid Ådnanes, Magnus Ådnanes, Martin Ådnanes

I alt 77 deltakarar.

Neste løp:

Laurdag 9. januar 2016 kl. 15.00

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc