Nyttårsløp på Eikanger laurdag 9. januar kl. 15.00

Postet av Eikanger Idrettslag den 2. Jan 2016

Laurdag 9. januar vert det nyttårsløp på Eikanger. Løpet er det femte i Eikanger IL sin vinterkarusell denne sesongen.

Inspirasjon
Om du ikkje alt er i gang, kan deltaking i nyttårsløpet vera ein fin inspirasjon til å koma i gang att med trimminga etter jule- og nyttårsfeiringa.

I den lette og fine løypa rundt Eikangervågen, med start frå skulen, kjem du i lag med andre trimmarar. Farten avgjer du sjølv. Du kan susa av garde for å oppnå ny bestetid eller du kan rusla rundt i hyggeleg lag med andre trimmarar – utan tanke på klokka. Og du treffer folk i alle aldrar, frå eitt-to-åringar til pensjonistar.

Distansen er ca. 2,15 km. Men vil du trimma lenger er det fritt fram – slik mange gjer – dei tek ein ekstrarunde før eller etter løpet.

Seks løp att
I tillegg til løpet komande laurdag, vet det fem løp til fram til våren. Dei går 30. januar, 20. februar, 12. mars, 2. og 23. april.

For dei som skal springa på tid går starten alltid presis kl. 15.00 frå Eikanger skule.Dei som går utan toid, kan starta så snart dei er påmelde frå ca. kl. 14.30 og utover.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc