Julebasar i idrettsbygget Ostereidet sundag 10. januar kl. 17.00

Postet av Eikanger Idrettslag den 5. Jan 2016



Eikanger IL inviterer til julebasar i idrettsbygget på Ostereidet sundag 10. januar frå 17:00 til 19:30.

Det vert blant anna sal av årer, trekking av loddbøker, premieutdeling, musikkinnslag av kulturskule-elevar ved læringssenteret, lett servering m.m.


På julebasaren vert det endeleg premiering for sommarkarusellen i friidrett 2015 for gutar og jenter. I alt der det 42 jenter og gutar i alderen seks til tolv år som skal få premie.

Oversikt over resultata frå karusellen og kven som skal ha premie, finn du på Sommarkarusellen 2015-resultat.pdf

Biletet over er frå 60m på stemnet 9. september i fjor.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc