Veteranar på topp – Kjetil Iden først

Postet av Eikanger Idrettslag den 30. Jan 2016

Veteranane dominerte toppen av resultatlista i vinterkarusellen på Eikanger laurdag. Raskast av alle var Kjetil Iden.

Kjetil Iden var for åttande gong først i mål ved eit karuselløp på Eikanger.

Iden kom i mål på 7.29 og var ni sekund føre Tore Klanderud på andreplass. Anders Eidsnes på tredjeplass noterte 7.51 denne gongen, tett følgd av Arild Myhr på 7.52.

Tore Klanderud vart nummer to og noterte sesongbeste med 7.38.

For Kjetil Iden var det åttande gongen han var raskast i karusellen på Eikanger. Førre gong var i sesongen 2011-12. Som i år var det femte løpet han vann i den sesongen også. Laurdag var det vinterlege forhold med haglbyer, litt vind og ein del haglslaps i delar av løypa rundt Eikangervågen. Men det var atskilleg meir vinter ved løpet for fire sesongar sidan. Den gong var det så glatt i løypa at løpet måtte gå motsett veg, slik at den bratte, glatte bakken ved skulen vart oppløpet.

Anders Eidsnes vart nummer tre denne gongen, medan Arild Myhr kom på fjerdeplass.

Av kvinnene var det endå ein gong Grethe Jørgensen som var best. For 23. gong skjedde det og tida hennar var 8.31 i dette løpet.

Med tida 8.31 var Grethe Jørgensen raskast av kvinne – for 23. gong.

Remi Fyllingen i 15-årsklassen var med 8.08 den av unggutane som kom nærmast veteranane. Kristoffer Hopland (13-årsklassen) noterte 8.40, litt etter sesongbeste.

Under sjølve løpet laurdag var det ei haglskur i starten og deretter opplett. Trass det sure veret tidlegare på dagen hadde 51 personar funne vegen til karusellen.

Remi Fyllingen av raskaste unggut i løpet laurdag med tida 8.08.

Det står no att fire løp i karusellen denne sesongen. Det vil seia at det enno er sjanse til å stilla opp og sikra seg premie – då må ein ha vore med i minst tre løp. Det neste løpet går laurdag 20. februar.

Vinterkarusell 2015-16, 6. løp.
Eikanger 30. januar 2016
Arr.: Eikanger IL
Skya + 2-3° C, haglbyer, haglslaps i delar av løypa.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Kjetil Iden 7.29
2. Tore Klanderud 7.38
3. Anders Eidsnes 7.51
4. Arild Myhr 7.52
5. Remi Fyllingen 8.08
6. Grethe Jørgensen 8.31
7. Kristoffer Hopland 8.40
8. Are Flekke 9.04
9. Arne Erdal 9.07
10. Jan Kårbø 9.10
11. Jon Åge Rongved 9.20
12. Arve Henningsen 9.33
13. Amalie Kallestad 9.47
14. Johannes Hopland 9.51
15. Gunnar Hauge 9.56
16. Merethe M. Odland 10.02
17. Idar Odland 10.25
18. Andrew Wakefield 10.27
19. Geirmunn Aarland 10.29
20. Olai Nepstad 10.43
21. Stein Tore Holsen Viken 11.57
22. Magnus Elvik 13.05
23. Ferdinand Wakefield 16.31

Are Flekke fremst i denne trioen, følgd av Arne Erdal og Jan Kårbø.

Utan tid:
Marita Børdal, Lars Eidsnes, Leiv Eidsnes, Hugo Eikanger, Renate Eneroth, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Marcus Helland Haukås, Steinar Haukås, Arnfinn Hellevang, Torunn Hopland, Alf Høyland, Odd Inge Høyland, Inge Leknes, Markus Midtgård, Gerd Nævdal, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Sverre Solberg, Tony Thorsen, Grethe Titland, Åge Toft

I alt 51 deltakarar.

Neste løp:

Laurdag 20. februar 2016 kl. 15.00



8.40 vart tida til Kristoffer Hopland.

For andre løp på rad noterte Arve Henningsen 9.33.

Amalie Kallestad hadde som vanleg ein frisk spurt – 9.47 vart tida.

Johannes Hopland i fint driv inn til mål – 9.41 og nok ein gong under ti minuttar.

Gunnar Hauge, som tok initiativet til vinterkarusellen i 1979 og vann det første løpet, sneik seg med 9.56 under ti minuttar etter at han er i gang med treninga att etter skade.

Merethe M. Odland var med 10.02 berre 11 sekund bak sesongbeste.

Gudmunn Aarland jublar etter debutløpet sitt, der eit viktig mål vart nådd: Å slå Olai Nepstad som hadde utfordra han.

Og Olai Nepstad kjempa og gav alt, men måtte sjå seg slått av Gudmunn......

Stein Tore Holsen Viken er flittig deltakar i karusellen – 11.57 i dette løpet.

Magnus Elvik har delteke i alle seks løpa denne sesongen. 13.05 laurdag og to sekund raskare enn i førre løp.

Ferdinand Wakefield i fint driv inn til mål i første løpet sitt i vinterkarusellen.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc