Innkalling til årsmøte i Eikanger idrettslag, 9. mars kl. 19.00 på Ostereidet

Postet av Eikanger Idrettslag den 10. Feb 2016

Styret kallar med dette inn til årsmøte i Eikanger idrettslag.

Årsmøtet vert 09.03.2016 kl. 19:00 på Ostereidet ungdomskule.

Saker som medlemmar ynskjer skal takast opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 24.02.2016 til leiar.eikangeril@gmail.com

Endeleg sakliste med alle saksdokument vil verte tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet på denne nettsida – http://eikanger-idrettslag.idrettenonline.no/

For å ha røysterett må medlemmar ha fylt 15 år, og vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, samt betalt kontingent. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett.


Velkomen til årsmøte!

Med vennleg helsing

Styret

Ostereidet 10. februar 2016




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc