Crawlkurs for vaksne

Postet av Eikanger Idrettslag den 14. Feb 2016

Har du lyst til å læra å symja crawl? Eikanger IL tilbyr opplæring i crawl fire lørdagar frå og med 20. februar til og med 12. mars.

Oppstart lørdag 20. februar kl. 15:00 i bassenget på Ostereidet. Det er ikkje lagt opp til obligatorisk frammøte kvar gong, så meld deg gjerne på sjølv om du ikkje kan vera med kvar gong.

Opplæringa er for vaksne symjedyktige personar som ikkje har lært å symje crawl.

Pris kr 100,-

Vil du vera med, så gje ei melding til

Olav Arne Tveito tlf. 954 40 177

eller Anders Eidsnes tlf. 480 79 470

Crawlkurs for vaksne.pdf




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc