Samning til topps på Eikanger

Postet av Eikanger Idrettslag den 12. Mar 2016

Martin Erdal frå Samnanger gjekk til topps i vinterkarusellen på Eikanger laurdag. Vinnartida var 7.20.

Det vart hard kamp om andreplassen. Veteranane Ove Normann Morken og Tore Klanderud hadde ein frisk spurt. Morken vart først med eit par desimeter. Begge fekk tida 7.28. Og like bak kom Bjørnar Eidsheim på fjerdeplass med 7.29.

Martin Erdal spurtar inn til tida 7.20 og klar siger i karusellen.

Anders Eidsnes kom på femteplass med 7.32 som er ny bestenotering for han. Også Arild Myhr på sjetteplass med 7.34 noterte ny bestetid i karusellen.

SPURTOPPGJER: Ove N. Morken (t.t.) og Tore Klanderud kjempa om andreplassen, Morken vann den kampen. Bjørnar Eidsheim følgjer like bak.

For Erdal var det fjerde gongen han har vunne karusellen. I førre sesong var han raskast to gonger. Denne gongen sikra han sigeren med ein solid avslutting opp den siste bakken.

Grethe Jørgensen deltek flittig i karusellen på Eikanger og har vore raskaste kvinne 24. gonger.

Grethe Jørgensen var på ny raskaste kvinne. Denne gongen på tida 8.30. Det var 24. gong ho var først i mål av kvinnene. Sofie Nilssen med 9.23 var nest raskast.

Gjengen som skulle ha registrert tid i karusellen var større enn på lenge, med 45 løparar på startstreken. For fleire av desse vart det notert sesongbeste eller nye personlege bestetider.

NY BESTETID: Arild Myhr noterte ny personlege bestetid på 7.34. Åsmund Andersson (nr. 9) fekk tida 7.40.

I tillegg til dei som er nemnde ovanfor kutta Kristoffer Hopland (f. 2003) nye fem sekund av «persen» med tida 8.13. Veteranen Arve Henningsen betra bestetida si frå 2011 med to sekund til 9.08. Sunniva R. Eidsnes (f. 2004) sprang på 10.16 som er over halvminuttet betre enn før.

FRISK SPURT: Idar Odland spurta i mål på 10.15. Rett bak kom Sunniva R. Eidsnes inn til ny «pers» på 10.16, medan veteranen Olai Nepstad fekk 10.17.

I alt var 83 deltakarar i det litt sure veret.

Viktig melding!
Det neste løpet går laurdag 2. april. Det siste løpet i karusellen vert flytta fram ei veke til laurdag 16. april. Dermed går løpet vert ei veke tidlegare enn det som opphaveleg var planen.

FLOTT DRIV: Alexandra Tunes Lund (nr. 73) og Marita Tunes i flott driv inn på siste flaten til mål.

Vinterkarusell 2015-16, 8. løp.
Eikanger 12. mars 2016
Arr.: Eikanger IL
Lett regnbye + 3-4° C, berr veg.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Martin Erdal 7.20
2. Ove Normann Morken 7.28
3. Tore Klanderud 7.28
4. Bjørnar Eidsheim 7.29
5. Anders Eidsnes 7.32
6. Arild Myhr 7.34
7. Åsmund Andersson 7.40
8. Remi Fyllingen 7.57
9. Kristoffer Nilsen Apelthun 8.02
10. Kristoffer Hopland 8.13
11. Grethe Jørgensen 8.30
12. Atle Rongved 8.49
13. Jon Åge Rongved 8.49
14. Jan Kårbø 8.53
15. Arve Henningsen 9.08
16. Arne Erdal 9.19
17. Terje Eidsnes 9.24
18. Sofie Nilssen 9.26
19. Amalie Kallestad 9.31
20. Johannes Hopland 9.33
21. Roger Skar 9.40
22. Merethe M. Odland 9.54
23. Anna Ådnanes 9.55
24. Magnus Ådnanes 9.55
24. Susanne Rebnord 9.55
26. Trine Rongved 10.01
27. Håkon Rongved 10.04
28. Kjell Namtveit 10.09
29. Geirmunn Aarland 10.13
30. Idar Odland 10.15
31. Sunniva R. Eidsnes 10.16
32. Olai Nepstad 10.17
33. Jonny Totlandsdal 10.53
33. Maja Totlandsdal 10.53
35. Sverre Solberg 10.54
36. Andreas Lilleskare 11.05
37. Jonas Lilleskare 11.06
38. Espen Lund 11.10
38. Sondre Tunes Lund 11.10
40. Marita Tunes 12.26
41. Alexandra Tunes Lund 12.28
42. Kirsten Rongved 12.45
43. Astrid Nes Sjursen 13.41
43. Frode Sjursen 13.41
43. Malene Landro Sjursen 13.41

Utan tid:

Hallgeir Alme, Margrethe Alme, Olav Alme, Rakel Alme, Renate Alme, Marita Børdal, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Stian Eidsnes, Hugo Eikanger, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Benjamin Helgesen, Arnfinn Hellevang, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Jenny Haaland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anita Iversen Lilleskare, Celine Lilleskare, Jim Lilleskare, Gerd Nævdal, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Amalie Rongved, Tara Rongved, Erling Skarstein, Isak Sæbø, Tony Thorsen, Grethe Titland, Åge Toft

I alt 83 deltakarar.

Neste løp:

Laurdag 2. april 2016 kl. 15.00

PS: Det kan koma fleire foto seinare.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc