Sommarkarusell friidrett onsdag 22. juni

Postet av Eikanger Idrettslag den 16. Jun 2016

Onsdag 22. juni kl. 18.30 vert det sommarkarusell i friidrett på Ostereidet for jenter og gutar. Alle frå 7-8 år og oppover kan delta. Øvingane vert 60m og lengde.

Det er berre å møta opp og melda seg på frå kl. 18.00 og fram til start. Startkontingent er kr 20,00 for alle.

Me håpar at mange foreldre også tek turen til friidrettsbana og deltek under avviklinga. Og kanskje nokon av dykk kan vera med og få i gang friidrettstrening for born ein gong i veka.

Helsing
Friidrettsgruppa i Eikanger IL




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc