Skulestemner med mange gode resultat

Postet av Eikanger Idrettslag den 28. Jun 2016

Kort tid før skuleferien arrangerte Ostereidet ungdomsskule friidrettsstemner for jenter og gutar frå 11 til 16 år. Ei rekkje gode resultat vart oppnådde på dei to stemnene.

På barneskulestemnet deltek elevane i 5.-7. klasse ved Kløvheim, Leiknes, Eikanger og Ostereidet barneskular.

Mellom dei mange flotte prestasjonane var lengehoppa i 13-årsklassen. Linnea Thorsheim hoppa 4,40 og i guteklassen oppnådde Tobias Kvamme Myhr 5,20 og Kristoffer Hopland 4,70.

På 800m i same klasse hadde Kristoffer Hopland og Kristoffer Nilsen Apelthun eit flott oppgjer, som Hopland vann på 2.36,6 – knapt to sekund føre Aplethun. (Biletet øvst i saka viser Kristoffer Hopland i aksjon under vinterkarusellen på Eikanger.)

Resultat barneskulestemnet.pdf

Ungdomsskulestemnet

Også på ungdomsskulestemnet vart det oppnådd bra resultat. I 15-årskalssen for gutar vann Remi Fyllingen både 60m, lende og kule. Resultata hans var 7,9 på 60m, 4,79 i lengde og 11,59 med 4 kiloskula.

Resultat ungdomsskulestemnet.pdf

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.