Eikangerløpet søndag 2. oktober kl. 15.00

Postet av Eikanger Idrettslag den 20. Sep 2016

Eikangerløpet, 5000m på bane, vert arrangert på Ostereidet søndag 2. oktober kl. 15.00. Løpet vert i år arrangert for 37. gong.

Dette løpet er ikkje berre for aktive friidrettsutøvarar, men høver godt for trimmarar og mosjonistar som vil testa seg på rundløpsbana. Løpsforholda på grusbana på Ostereidet er gode så sant veret er ok.

Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 21 deltakarar.

I fjor sette Halfdan Emil Færø ny løpsrekrod med 15.23,0, då ha slo Harald Nygård sin rekerod frå 1992 med nesten tre sekund.

I dameklassen er det Bertine Helene Færø som har rekorden med 18.51,3 frå 2010.

Arvid Hauge har vore med 35 gonger og Inge Nævdal 32 gonger. Elles har Sverre Solberg og Bjørnar Eidsheim 23 startar og Sigmund Nævdal og Gunnar Hauge 20.

I tillegg til premiering av dei beste i dame- og herreklassen, er det premie for 1. gongs deltaking, og når ein har delteke 3 gonger, 5 gonger, 10 gonger, 20 gonger og 25 gonger.

Startkontingent kr 50,00.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.