Færø-dominert Eikangerløp

Postet av Eikanger Idrettslag den 2. Okt 2016

Bertine Helene Færø forsvarte fjorårssigeren sin i Eikangerløpet, medan Jo Harald Færø vart ny vinnar i herreklassen.

Færø-gjengen dominerte 5000m på bana på Ostereidet søndag. Halfdan Emil Færø som har vunne løpet dei to førre gongene, jobbar for tida i Etne i Sunnhordland og stilte ikkje i år. I hans fråver vart det to andre Færø-brør på toppen av resultatlista.

Jo Harald og Magnus Johan Færø tok teten frå start og auka leiinga runde for runde. Med to rundar att starta Jo Harald ein langspurt og drog klart i frå. Vinnartida hans vart 16.48,70, om lag ti sekund svakare enn han hadde på andreplass i fjor. Magnus Johan, som først og fremst er skiløpar, har ikkje same spurtkapasiteten. Hans tid vart 16.59,2 og dermed nesten halvminuttet betre enn i fjor. Han har tidlegare i år notert personleg rekord med 16.30,91 og har hatt stor framgang denne sesongen.

Veteranen Einar Færø, som er far til vinnargjengen, viste med 19.04,9 på fjerdeplass at han også held forma godt vedlike.

Av den heilt unge garde var det 13-årige Kristoffer Nilsen Apelthun som var raskast med 19.29,1 på femteplass. Det var vel 18 sekund raskare enn i fjor. Jamgamle Kristoffer Hopland noterte 20.37,8 og var vel 40 sekund betre enn for eitt år sidan. 11-årige Johannes Hopland sprang minuttet raskare enn i fjor og fekk tida 22.32,0.

Bertine Helene Færø si vinnartida var 20.15,3, fire sekund etter fjorårstida hennar. 10-årige Amalie Kallestad sprang på 22.37,9 på tredjeplass.

22 løparar stilte til start i år. Tre av dei var med for første gong. Forholda var gode med tørr bane og strålande haustvêr med sol og varme.

Laurdag 15. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Ti løp skal arrangerast det komande halvåret.

Eikangerløpet 2016.
Ostereidet idrettsbane 2.10.2016
Arr.: Eikanger IL
Sol, +13-14° C, vindstille, flott ver.
Tørr bane.

5000m menn
1. Jo Harald Færø (1983), Eikanger IL 16.48,7
2. Magnus Johan Færø (1995) Eikanger IL 16.59,2
3. Axel Wollan (1993) 19.01,6
4. Einar Færø (1956), Eikanger IL 19.04,9
5. Kristoffer Nilsen Apelthun (2003), AKS 77 19.29,1
6. Vebjørn Haugsdal (1992) 20.20,9
7. Bjarne Gausvik (1954), AKS 77 20.23,3
8. Kristoffer Hopland (2003), AKS 77 20.37,8
9. Einar Skrede (1968) 21.02,4
10. Arvid Hauge (1960), Eikanger IL 21.36,1
11. Egil Opsal (1955) 21.54,5
12. Johannes Hopland (2005), AKS 77 22.32,0
13. Inge Nævdal (1954), Eikanger IL 23.30,6
14. Asbjørn Eidsheim (1947), Eikanger IL 24.55,7
15. Gunnar Hauge (1955), Eikanger IL 25.32,8
16. Geirmunn Aarland (1962) 26.21,2
17. Sverre Solberg (1952), AKS 77 27.35,9

5000m kvinner
1. Bertine Helene Færø (1992) 20.15,3
2. Grethe Jørgensen (1975) 21.23,6
3. Amalie Kallestad (2006), AKS 77 22.37,9

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc