God deltaking i karusellstarten

Postet av Eikanger Idrettslag den 15. Okt 2016

Karusellstarten på Eikanger laurdag samla 77 deltakarar i mildt haustvêr.

Veteranen Bjarte Eikanger var først i mål på 7.19. Bertine Helene Færø var raskaste kvinne med 7.56, klart betre enn ho hadde i fjor.

I FRAMGANG: Bertine Helene Færø kom for første gong på fleire sesongar under 8.00 i karusellen. 7.56 viser på ny fin framgang.

For Bertine Helene var det 19. gongen ho var raskaste dame. Førre sesong vann ho dei to første løpa på 8.02 og 8.04. Laurdag gjorde ho eit solid løp og var nummer sju i mål av alle dei 39 startande.

VINNAREN: Bjarte Eikanger spurta inn til klar siger, med Axel Wollan som nummer to.

Bjarte Eikanger vann karusellen for andre gong. Første gong han vann var 31. mars 2007, då han sprang på den sterke tida 6.35 som er persen hans i løypa.

På andreplass i sesongopninga kom Axel Wollan som med 7.24 kutta to sekund av bestetida si. På tredjeplass kom 19-årige Vebjørn Tveito på 7.35. Han deltok for første gong.

UNGDOMAR: Vebjørn Tveito debuterte med 7.35 og tredjeplass, medan Kristoffer Hopland vart nummer fire på flott ny pers – 7.39.

13-årige Kristoffer Hopland vart nummer fire på 7.39 og sprang dermed 20 sekund fortare enn i siste løpet i vårsesongen. Han held fram den fine framgangen han har hatt dei siste par åra. Den to år yngre bror hans, Johannes Hopland, sprang på 8.49 og betra bestetida si med over 40 sekund.

INNSPURT: Trond Austrheim spurtslo Øivind Bernes, Med Bertine Helene Færø like bak.

Ein sterk debut gjorde 11-årige Hedda Eikanger som sprang på 9.10 og var nest raskast av kvinnene.

Dei 77 deltakarane fordelte seg med 39 i løpsklassen og 38 i klassen utan tid. I det flotte haustvêret vart det ein trivleg start på karusellsesongen på Eikanger. Med 14-15 grader i lufta var det langt frå vinterstemning. Det einaste som sjenerte litt var den sterke austavinden som løparane fekk imot seg i ein god del av løypa.

11-årige Hedda Eikanger (nr. 19) sprang på 9.10, medan Evind Helle (55) og Arve Henningsen (25) kom eitt og to sekund etter. Litt lenge bak Erlend Titland (69) som noterte 9.16.


Neste løp på Eikanger vert 5. november.

Vinterkarusell 2016-17, 1. løp.
Eikanger 15. oktober 2016
Arr.: Eikanger IL
Fint ver, austavind, + 14-15° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Bjarte Eikanger 7.19
2. Axel Wollan 7.24
3. Vebjørn Tveito 7.35
4. Kristoffer Hopland 7.39
5. Trond Austrheim 7.52
6. Øivind Bernes 7.52
7. Bertine Helene Færø 7.56
8. Daniel Gjelsvik 8.03
9. Bjørnar Eidsheim 8.04
10. Karl Vågstøl 8.12

11. Atle Austrheim 8.24
12. Sondre Larssen 8.30
13. Arve Larssen 8.38
14. Johannes Hopland 8.49
15. Arvid Hauge 8.52
16. Are Flekke 8.57
17. Egil Opsal 8.58
18. Hedda Eikanger 9.10
19. Eivind Halle 9.11
20. Arve Henningsen 9.12
21. Erlend Titland 9.16
22. Jon Åge Rongved 9.21
23. Jan Kårbø 9.32
24. Yngve Gjelsvik 9.33
25. Lars Tore Kleivdal 9.34
26. Idar Odland 9.36
27. Valentina Dimitrova 9.39
28. Stina Nes Sjursen 9.40
29. Merethe M. Odland 10.01
30. Kjell Namtveit 10.18
31. Valborg Nes 10.24
32. Kirill Eikanger 10.38
33. Håkon Rongved 10.40
34. Sverre Solberg 11.18
35. Olai Nepstad 11.19
36. Silje Nes Sjursen 12.18
37. Astrid Nes Sjursen 12.19
38. Malene Landro Sjursen 12.21
39. Frode Sjursen 12.22

Utan tid:

Leiv Eidsnes, Andrine Eikanger, Asle Eikanger, Cecilie Eikanger, Ingfrid Eikanger, Linnea Eikanger, Rune Eikanger, Viljar Eikanger, Magnus Elvik, Andrea W. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Knut Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Stanley Hauge, Arnfinn Hellevang, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Odd Inge Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Maren Midtgård, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Emma Rongved, Kirsten Rongved, Sebastian Rongved, Lisbeth Sjursen, Mads Takvam, Tony Thorsen, Grethe Titland, Trude Toft, Vanja Toft, Åge Toft, Geir Arild Totland

Neste løp:

Laurdag 5. november kl. 15.00

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc