Færø-søsken karusellvinnarar

Postet av Eikanger Idrettslag den 5. Nov 2016

Jo Harald Færø var raskast av alle i det 2. løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Søstera Bertine Helene Færø var for andre gong denne sesongen raskaste dame.

Med tida 6.43 var Jo Harald tre sekund betre enn vinnartida si frå det siste løpet i førre karusellsesong. Ein fin prestasjon under dei litt tunge forholda laurdag. Han var fjorten sekund føre Martin Kvamme Kalnes. 17-årige Kalnes kutta dermed sju sekund av bestetida si frå førre sesong.

Axel Wollan på tredjeplass var med 7.16 åtte sekund betre enn tidlegare. Veteranen Helge Færø tok fjerdeplassen med 7.44, tett følgd av 13-årige Kristoffer Hopland på 7.45.

Bertine Helene Færø til topps i vinterkarusellen for 20. gong.

For Jo Harald Færø var det 14. gongen han var raskast i karusellen på Eikanger. Bertine Helene Færø var raskaste kvinne for 20. gong. Grethe Jørgensen som var nest raskast av kvinnene, noterte med 8.15 den beste tida si på neste eitt år.

Flott framgang av 10-årige Amalie Kallestad som betra bestetida si med 19 sekund til 9.06. 15-årite Stine Nes Sjursen gjorde nok ein gong eit solid løp med 9.41, sekundet etter besetida si frå sesongopninga.

Flott ny personleg rekord for Amalie Kallestad i karusellen. Med ein frisk spurt la ho veteranen Svein Fammestad bak seg.

I alt var det 97 deltakarar som stilte til start i løpet laurdag. Litt over 40 av dei sprang på tid, og i det feltet var det ein flott blanding av veteranar og unge gutar og jenter. Fleire av desse unge løparane viser flotte takter, og det var opptil fleire veteranar som må sjå seg slegne i spurten på oppløpet.

Etter snø og slaps først på laurdag, vart det brukbart ver med opphald då løpet gjekk. Men med berre to-tre varmegrader og sur vind, var forholda litt tunge.

3. løpet i karusellen på Eikanger går laurdag 26. november.

Vinterkarusell 2016-17, 2. løp.
Eikanger 5. november 2016
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, aust-søraustvind, + 2-3° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Jo Harald Færø 6.43
2. Martin K. Kalnes 6.57
3. Axel Wollan 7.16
4. Helge Færø 7.44
5. Kristoffer Hopland 7.45
6. Bertine Helene Færø 7.57
7. Kristoffer Nilsen Apelthun 8.10
8. Karl Vågstøl 8.10
9. Grethe Jørgensen 8.15
10. Alf Fjellstad 8.16
11. Steffen Brandanger 8.22
12. Eivind Langøy 8.27
13. Amund Langøy 8.30
14. Arve Larssen 8.33
15. Johannes Hopland 8.47
16. Egil Opsal 9.01
17. Amalie Kallestad 9.06
18. Svein Fammestad 9.07
19. Arve Henningsen 9.21

20. Robert Valklev 9.25
21. Idar Odland 9.39
22. Stina Nes Sjursen 9.41
23. Terje Eidsnes 9.52
24. Jan Kårbø 9.59
25. Magne Stien 10.03
26. Olav Aslak Seljestad 10.10
27. Gunnar A. Larssen 10.13
28. Geirmunn Aarland 10.20
29. Kjell Namtveit 10.27
30. Sunniva R. Eidsnes 10.38
31. Valborg Nes 10.46
32. Jan Erik Fyllingen 10.48
33. Sverre Solberg 11.20
34. Olai Nepstad 11.26
35. Ida Herland Sæthre 11.44
36. Sondre R. Eidsnes 12.44
37. Anders Eidsnes 12.45
38. Silje Nes Sjursen 13.07
39. Astrid Nes Sjursen 13.09
40. Håvard Andre G. Oppedal 13.44
41. Øyvind G. Oppedal 13.45
42. Jan Helge Gausvik 13.45

Utan tid
Yngve Bøe, Kåre Eide, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Andrine Eikanger, Asle Eikanger, Hugo Eikanger, Ingfrid Eikanger, Linnea Eikanger, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Andrea W. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Knut Fyllingsnes, Kristoffer W. Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Gustav Ansnes Færø, Bjarne Gausvik, Stanley Hauge, Benedikte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Brage Hølleland, Terje Hølleland, Viljar Hølleland, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Odd Inge Høyland, Sofie Heggdal Håland, Vegard Kvestad, Bjarte Larssen, Sondre Larssen, Inge Leknes, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Margunn G. Oppedal, Mats Johan G. Oppedal, Mira Oppedal, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Eline Nes Sjursen, Tony Thorsen, Grethe Titland, Åge Toft

Neste løp:

Laurdag 26. november kl. 15.00

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc