Grethe Jørgensen for 25. gong

Postet av Eikanger Idrettslag den 27. Nov 2016

For 25. gong var Grethe Jørgensen raskaste kvinne i vinterkarusellen på Eikanger. Halfdan Emil Færø var raskast av alle med tida 6.38.

Løyperekordhaldar Færø hadde teke turen heilt frå Etne der han for tida jobbar. Han tok teten frå start i løpet laurdag og i mål var han 14 sekund føre andremann. Det var yngste bror i Færø-gjengen som noterte 6.52. Så var det nesten minuttet ned til tredjemann, Anders Eidsnes på 7.49.

Halfdan Emil Færø inn til siger nummer 14 i karusellen. Bra vinnartid under tunge forhold.

Grethe Jørgensen noterte 8.21 og var dermed raskaste dame for første gong denne sesongen. Førre gong ho var raskast var i mars førre sesong. Første gong ho vann på Eikanger var i sesongopninga hausten 2011. Med 25 sigrar har ho enno eit stykke fram til Sigrun Molland som står med 41.

Magnus Johan Færø vart ein klar nummer to, 14 sekund etter broren, med tida 6.52.

For Halfdan Emil Færø var det 14. gongen han gjekk til topps, og dermed står han og broren Jo Harald som vann førre løp, med like mange topplasseringar.

Både fjerde og femteplass laurdag kom Bjørnar Eidsheim med 7.58 og Harald Marthinussen med 8.01. For begge var det sesongbeste.16-årige Sondre Larsson betra sesongbestetida si med 12 sekund til 8.18.

Bjørnar Eidsheim noterte sesongbeste med 7.58 og fjerdeplass. Sesongbeste også på Harald Marthinussen med 8.01.

10-årige Amalie Kallestad kom endå ein gong i mål på ny bestetid. Med 9.05 kutta ho eit nytt sekund av rekorden sin. Sterkt gjort i eit løp med litt tunge forhold. Ein sur motvind i delar av løypa, gjorde det tungt på gangvegen langs E39.

Debutant Hogne Haugsdal (til høgre) greidde etter ein frisk spurt å kasta seg framfor Alf Fjellstad i mål. Begge noterte 8.28.

74 personar stilte til start i det 3. løpet denne sesongen. Laurdag 17. desember går det siste løpet på Eikanger før jul.

I oppslag på kondis.no finn du mange fleire foto frå karusellen på Eikanger 26. november.

Vinterkarusell 2016-17, 3. løp.
Eikanger 26. november 2016
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, nord-nordvest vind, + 4-5° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan Emil Færø 6.38
2. Magnus Johan Færø 6.52
3. Anders Eidsnes 7.49
4. Bjørnar Eidsheim 7.58
5. Harald Marthinussen 8.01
6. Kristoffer Hopland 8.07
7. Sondre Larssen 8.18
8. Grethe Jørgensen 8.21
9. Hogne Haugsdal 8.28
10. Alf Fjellstad 8.28
11. Arvid Hauge 8.41
12. Egil Opsal 8.42
13. Amalie Kallestad 9.05
14. Sigmund Nævdal 9.15
15. Terje Eidsnes 9.41
16. Frode Sjursen 9.46

10-årige Idar Odland i flott driv inn til tida 9.50.

17. Idar Odland 9.50
18. Stina Nes Sjursen 9.59
19. Andrew Wakefield 10.09
20. Johannes Hopland 10.15
21. Atle Kolbeinsen 10.17
22. Kjell Namtveit 10.24
23. Olai Nepstad 10.55
24. Håkon Rongved 11.00
25. Sverre Solberg 11.13
26. Silje Nes Sjursen 12.25
27. Mats Johan G. Oppedal 12.37
28. Kirsten Rongved 13.08
29. Astrid Nes Sjursen 13.15
30. Valborg Nes 13.16
31. Øyvind G. Oppedal 13.24
32. Håvard Andre G. Oppedal 13.25

Utan tid:
Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Andrine Eikanger, Asle Eikanger, Cecilie Eikanger, Hugo Eikanger, Ingfrid Eikanger, Linnea Eikanger, Rune Eikanger, Viljar Eikanger, Siljhe Eikevik, Magnus Elvik, Andrea W. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Magnus Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Stanley Hauge, Steinar Haukås, Arnfinn Hellevang, Katrine Hopland, Alf Høyland, Elin Høyland, Emil Høyland, Odd Inge Høyland, Ada Elise Thuve Larsen, Carl Ludvig Thuve Larsen, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Hilde Marthinussen, Jonas Marthinussen, Malin Marthinussen, Gerd Nævdal, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Margunn G. Oppedal, Grethe Titland, Åge Toft, Liv-Reidun Sletten Vabø

Neste løp:
Laurdag 17. desember kl. 15.00.

Oppslag på kondis.no

Full fart ut frå start med Halfdan Emil Færø (nr. 28), Magnus Johan Færø (27) og Bjørnar Eidsheim (36) i tet.

Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc