Ski

Skigruppa i Eikanger IL organiserer trening og renn i eigen regi og saman med Nordhordland skiklubb som er ein samarbeidsklubb for skiidretten i regionen.

I lysløypa på Gamlesætra ved E39 i Romarheimsdalen er det mogeleg å trena kvar ettermiddag i tida det er snø. Også om helgene er løypa oppkjørt når det er fine snøforhold.

Om Skigruppa til Eikanger IL
I tida frå begynnelsen av september og fram til snøen legg seg, driv skigruppa til Eikanger IL med barmarkstrening på Ostereidet. Då trenar me kondisjonstrening og styrketrening, først ei økt ute og deretter ei økt inne i gymsal, ein dag i veka. Det plar vere mellom 30 – 40 små og store deltakarar på kvar trening.

Så snart snøen legg seg og det er mogleg å ta lysløypa på Gamlesætra i bruk, flyttar me treningane inn der og går over til trening på ski. Annakvar gong vekslar me mellom å trene klassisk og fristil.

I løpet av januar og februar arrangerer me Gamlesætra Skicup som inneber fire skirenn for deltakarar i alle aldrar. I år sette me deltakarrekord med 114 startande på eitt av renna. Det er premiering etter kvart renn i tillegg til at alle dei som deltek på tre av renna får pokal.

Me synest me har fått til eit godt system ved arrangering av desse renna. Ei viktig årsak til dette er den formidable dugnadinnsatsen som vert utført av foreldre til dei aktive og dei aktive sjølv.

Det hadde vore kjekt om endå fleire melder seg inn i EIL og deltek på treningane.

Ta gjerne kontakt med ein av trenarane:

Einar Stusdal tlf 99167795
Turid Stusdal tlf 41603460

Styret for skigruppa:

Leiar Einar Stusdal
Kasserar: Egil Øvretveit
Medlem: Endre Aarra
Medlem: Magnar Angelskår
Medlem: Frank Dyrkolbotn

E-post: Leiar skigruppa


Kontaktpersonar

Styret for skigruppa:

Leiar: Einar Stusdal
Kasserar: Egil Øvretveit
Medlem: Endre Aarra
Medlem: Magnar Angelskår
Medlem: Frank Dyrkolbotn

E-post: Leiar skigruppa
Powered by: Bloc