Trim

Trimaktivitetane i Eikanger IL omfattar orientering/turorientering, bading/symjing, volleyball, trim for menn veteranar (populært kalla gubbetrim), arerobic og trim i skog, mark og fjell.

 

Ope basseng
I bassenget ved Ostereidet ungdomsskule er det tilbod om bading/symjing frå etter haustferien til påske. Vaksenbading damer/herrar onsdagar kl. 19:00 - 21:00 og familebading laurdagar kl. 13:00 - 15:00. Bassenget opnar 17. oktober 2018 og avsluttar 13. aprils 2019.

Turorientering

I april vert det lagt ut postar for turorientering.

I år er turorienteringa lagt til kartet på Ostereidet. Kart og svarkort for fire personar kostar kr. 100,- og er å få kjøpt hjå Vaage Karosseri og Hjelmås Handel. Frist for innlevering av svarkort er 10. oktober 2017. Fine premiar vert trekte blant innleverte svarkort og leverte ut på EIL si haustfest. Orienteringsmerke vert også levert ut i gull, sølv og bronse etter kor mange postar ein klarar.

«Ti Fine Turar»

 
For dei som vil trimma i terrenget er «Ti fine turar» eit opplegg der det på ti stader i skog, mark og fjell er plassert postar. Ved å kjøpa registreringskort/ klyppekort kan du delta i trekkinga om fine premiar ved sesongslutt.

Postane er plasserte både i området til idrettslaget og andre stader i Nordhordland. Klyppetang er plassert på kvar «topp» og fleire stader er tang lagt i «Ti Fine Turar»-kasse. EIL har også ansvar for turbok på enkelte av postane. Turkort kostar kr 25,- og er å få kjøpt hjå Vaage Karosseri, Hjelmås Handel, REMA 1000 Ostereidet, Høyland Auto og butikken på Kløve. Turomtale vert levert med. Postane ligg ute frå 1. mai til 1. november.



Volleyball

I volleyball er det trening på Ostereidet kvar onsdag kl. 20:00 - 22:00 og ved Kløvheim skule torsdagar kl. 20:00 - 22:00 i vinterhalvåret. og det kan også verta sett i gang parti ved Kløvheim skule. På Ostereidet er det sandvolleyballbane som kan brukast i perioden vår-haust.

«Gubbetrim»
«Gubbetrimmen» er i gang i gymnastikksalen på Ostereidet i frå hausten og til utpå våren. Kvar fredag frå kl. 20.00-21.30.

Aerobic

På Ostereidet er det aerobic-trening om måndagane kl. 20:00 - 21:00. Flest kvinner deltek, men menn er også velkomne.

Trim i terrenget
I området til Eikanger idrettslag er det opparbeidd merka stiar mange stader. Desse gjev flott høve til trim i terrenget kombinert med naturopplevingar.

Kontaktpersonar trimgruppa:

Styret i trimgruppa:

Leiar:
Medlem: Anders Eidsnes
Medlem: Benedicte Helland Haukås
Medlem: Olav Skår
Medlem: Monica Hansen

E-post:

Kontaktpersonar

Styret i trimgruppa:


Medlem: Anders Eidsnes 480 79 470
Medlem: Benedicte Helland Haukås
Medlem: Andre Corneliussen
Medlem: Olav Skår
Medlem: Monica Hansen


E-post: eidsnes@online.no

Levert av IdrettenOnline