Organisasjonsplan Eikanger IL 2015





Økonomi:

Kvar gruppe lagar framlegg til eige budsjett som inngår i laget sitt totale budsjett.

  • Gruppene er ansvarlege for å halda seg innanfor sitt tildelte budsjett.
  • Gruppene skriv årsmelding for si gruppe til laget sitt årsmøte.
  • Styret er ansvarleg for laget sitt budsjett og å laga framlegg til budsjett til årsmøtet.
  • Styret skriv årsmelding for laget.
  • Drift av laget:

    • Gruppene driftar seg sjølv innanfor sine område. Saker som vedrører eller bind heile laget skal avklarast med styret.
    • Styret er ansvarleg for drift av laget mellom årsmøta.
    • Styret skal bistå gruppene når det er behov og ønskjeleg ut frå styret sitt ansvar.
    • Styret tar initiativ til felles konstitueringsmøte rett etter årsmøte for å sikra at alle kjem i gang.
    • Det skal vera minst to fellesmøte mellom styret og gruppeleiarane i løpet av året. Ligg det til rette for det kan heile gruppestyret vera med på eitt av møta. Dette er for å auka samhaldet og kjennskap til kvarandre sine oppgåver.
    Organisasjonsplan for Eikanger Idrettslag (1).pdf

    Avklaring roller EIL 2015.pdf

    Powered by: Bloc