Årsmøte

Årsmøte i Eikanger IL skal haldast kvart år innan utgangen av februar.

I lova for Eikanger IL heiter det:

«§ 13 Årsmøtet
(1) Årsmøtet er idrettslaget sitt høgste styringsorgan, og skal haldast kvart år innan utgangen av februar.

(2) Styret kallar inn til årsmøte minst ein månad på førehand, direkte til medlemene, eventuelt på annan forsvarleg måte og/eller ved kunngjering i pressa, eventuelt på idrettslaget si internettside. Innkallinga kan vise til at saksdokumenta vert gjort tilgjengeleg på internett eller på annan forsvarleg måte. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag må vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.

(3) Ved innkalling i strid med regelen, avgjer årsmøtet høvesvis ved godkjenning av innkalling og godkjenning av saklista, om årsmøtet er lovleg innkalla og om det er saker som ikkje kan handsamast.

(4) Alle medlemene i idrettslaget har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemer.

(5) Årsmøtet er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemer med stemmerett som minst svarar til talet på styremedlemer vedteke i idrettslaget si lov. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav om minimumsdeltaking.

(6) På årsmøtet kan det ikkje handsamast framlegg om endring i lov eller reglar som ikkje er ført opp på utsend/kunngjort sakliste. Andre saker kan handsamast når 2/3 av dei frammøtte med stemmerett på årsmøtet vedtek det, ved godkjenning av saklista.

§ 15 Årsmøtet sine oppgåver

Årsmøtet skal:

1. Godkjenne dei som har stemmerett


2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane

3. Velje dirigent(ar), referent(ar) og 2 medlemer til å skrive under protokollen

4. Handsame idrettslaget si årsmelding, irekna eventuelle gruppeårsmeldingar

5. Handsame idrettslaget sin rekneskap i revidert stand

6. Handsame forslag og saker

7. Fastsetje medlemskontingenten

8. Vedta idrettslaget sitt budsjett

9. Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan15

10. Gjere følgjande val:

a) Leiar for eit år og nestleiar for to år.

b) 3 styremedlemer for to år der to av desse skal veljast i partalsår og ein i oddetalsår, og 1varamedlem

c) Andre val i høve til organisasjonsplan vedteken av årsmøtet, jf. pkt. 9.

d) 2 revisorar

e) Representantar til ting og møte i dei organisasjonane som idrettslaget har representasjonsrett

f) Valkomité med leiar og 2 medlemer og 1 varamedlem for neste årsmøte.

(2) Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemene til styret skal veljast samla. Deretter skal varamedlemene veljast samla, og ved skriftleg val vert rekkjefølgja avgjord i høve til stemmetala.»

Sjå lenkjer til lov, organisasjonsplan og avklaring av roller oppe til høgre.


Powered by: Bloc