Om Eikanger idrettslag

Eikanger IL vart skipa 1. mai 1952.

Eikanger IL er idrettslaget for folk i Ostereidet ungdomsskulekrins pluss Leiknes-krinsen. Men også folke frå andre stader er velkomne som medlemar.

I Eikanger idrettslag skal det vera plass til alle. Gjennom medlemsskapet i idretten sine organisasjonar er dette ei plikt idrettslaget har, men det er sjølvsagt også ei glede for oss som driv i laget å kunna strekkja oss for å gje alle eit godt tilbod.

For tida omfattar Eikanger IL sine aktivitetar

  • fotball
  • friidrett
  • idrettsskule
  • ski
  • trim med desse aktivitetane
    • volleyball
    • orientering/turorientering
    • trim for veteranar (populært kalla «gubbetrim»)
    • bading/symjing
    • aerobic
Du finn meir informasjon om dei enkelte idrettane under menypunktet «Grupper».

Styre for Eikanger IL
Styret, som vert valt på årsmøtet i laget, er ansvarleg for drifta av Eikanger IL. Styret har fem medlemer og ein varamedlem. Styret har også knytt til seg ein person som fungerer som kasserar.

Kontaktpersonar

Styre for Eikanger IL i 2015:

Leiar: Robert Lorang Hansen
Nestleiar: Gro Lunde
Medlem: Erik Nilsen
Medlem: Malin Møvik
Medlem: Nina Eide
Varamedlem: Olav Skår

Kasserar for Eikanger IL: Janina Kjeilen

E-post: leiar.eikangeril@gmail.co

Powered by: Bloc